Historikk

Plasseringa av dagsturhytta i Kvinnherad vekte stort engasjement hjå innbyggjarane i Kvinnherad, og etter ein lengre prosess, enda Levekårsutvalet på Nautavatnet. Den store grunneigaren i Fjellhaugen og Fjellhaugen-arvingar samtykka i ein grunnavtale, og etter innvilga søknad om dispensasjon og byggjeløyve, kunne byggjearbeidet på tomta starte i april 2021. Kvinnherad Maskin har gjort grunnarbeidet, og gjort ein god og fleksibel innsats. Medan det framleis var mogleg å køyre på snø med gravemaskin, blei tomta grave av. Eit stort lass med betong blei køyrd opp, og seinare har vi fått floge inn utstyr til å kunne skyte bort noko fjellmassar.

Hytta kom til Kvinnherad med båt 14. august, og blei lossa av i Vikjo i Dimmelsvik. Herifrå frakta Lyngnes transport hytta opp til parkeringsplassen i Fjellhaugen. Fredag 20. august kom eit montørteam på tre personar frå Stad kystbygg for å montere hytta i Kvinnherad. Fredag og laurdag monterte dei til saman 5 slike dagsturhytter, mellom anna i eit par nabokommunar. Sjølve hytta blei floge opp i fire element, kvar av dei om lag eitt tonn. Loggen syner at fyrste elementet landa kl. 10.56, medan det fjerde og siste elementet blei sett ned kl. 11.17. Halvtimen etter var hytta tett!

Dagsturhytta i Kvinnherad er ei av mange tilsvarande dagsturhytter i heile Vestland, og framover også 33 dagsturhytter i Rogaland. Initiativet låg i gamle Sogn og Fjordane fylkeskommune, som saman med sparebankstiftinga Sogn og Fjordane fekk bygd ei dagsturhytte i kvar kommune. Det er Vestland fylkeskommune som har hatt anbodsrunden, slik at alle dagsturhyttene i gamle Hordaland fylke blir bygd og levert av Stad kystbygg. I kontrakten inngår bygging, levering (irekna utflyging), montering og ferdigstilling. Kvinnherad kommune måtte stå for grunnarbeidet, og gjere klar tomt til fundamentering.

Tilkomst

Frå fylkesveg 5024 følgjer du skilting til skisenteret i Fjellhaugen. Frå nedste parkeringsplassen følgjer du grusveg i søraustleg retning om lag 300 meter. På høgre hand startar ein tursti/traktorveg som du følgjer vel 700 meter oppover i dalen, framleis mot søraust. Dalen opnar seg her i Fagnabotn, og svakt mot venstre følgjer du ein lite tydelig sti med elva på høgra hand. Du skal ikkje over bruka. I starten er eit våtmarksprega parti og kryssing av ein bekk, deretter meir fast grunn og periodevis tørr sti. Sporadiske sauetråkk kan leia deg i feil retning. I periodar vil stien vere tydeleg, og stien følgjer i hovudsak elva. Du får tjørna 640 på venstre hand og kryssar elva over ei ny bru som ikkje er merka av på kartet. Frå brua er det om lag 250 meter utan tydeleg sti i søraustleg retning opp til dagsturhytta og Nautavatnet, og du kan sjå den karakteristiske hytteprofilen på avstand.

Finansiering

Med etableringa av Vestland fylke, fekk alle kommunane moglegheit for å søkje finansiering både hjå fylket og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordan. Bidrag frå BKK, spelemidlar, mva-refusjon og kommunalt bidrag utgjer resten av finansieringa. I tillegg har Sparebankstiftinga i Kvinnherad gitt støtte til Kvinnherad turlag til bygging av dagsturhytta med fasilitetar.

Dagsturhytta i Kvinnherad har eit budsjett på 1,5 millionar brutto.