Det er populært å ha hund, men det stiller visse krav til eigaren. Ein hundeeigar skal visa aktsemd for å unngå at hundar valdar skade på folk, dyr, eigedom eller ting, og skal dessutan sørge for at hundehaldet ikkje er til urimeleg ulempe for folk, miljø eller andre interesser.

Reglane om bandtvang er fastsett i Forskrift om bandtvang for hund, Kvinnherad kommune

I Kvinnherad kommune skal hundar haldast i band heile året - på kyrkjegardar, gravplassar, skular, barnehagar, leikeplassar og badeplassar, alle anlegg for idrett og sport og i Fatlandskogen aktivitetsområde på Halsnøy.

I tida frå og med 1. april til og med 20. august skal alle hundar haldast i band eller vera forsvarleg inngjerda eller innestengt.
I tillegg til den ordinære bandtvangstida, er det også bandtvang i tida frå og med 21. august til og med 1. november i dei områda der bufe har rett til å beite og faktisk beitar.