Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Fråvær - førebygging og oppfølging

Kvinnherad kommune sin rettleiar ved urovekkjande fråvær tar utgangspunkt i rettleiaren «Hver dag teller» frå Nittedal kommune. Mellom anna er store delar av teoridelen nytta, etter avtale med Nittedal kommune. 

I den praktiske delen av rettleiaren skil vi mellom;

  • universelle tiltak som gjeld alle barn og unge
  • selektive tiltak som gjeld risikoutsette grupper
  • indikative tiltak som gjeld eit særskilt barn

Rettleiaren er delt inn i ein barnehagedel og ein skuledel. I teoridelen snakkar vi for det meste om skulefråvær, men rutinen vår gjeld også for barnehagar. Forsking viser at fråvær og utanforskap kan starta allereie i barnehagealder. 

Kvinnherad kommune nyttar BTI-modellen (Betre tverrfagleg innsats). Handlingsrettleiaren i BTI skal sikra at barn og unge får rett hjelp til rett tid, og at barn, unge og føresette opplever å bli involverte, får medverka og blir høyrte. Verktøya i BTI-modellen skal også sikra at kommunale tenester samarbeider og samordnar tiltaka og tenestebehovet.

Lovgrunnlaget
Opplæringslova § 10-6 pålegg kommunen ei plikt til å følgja opp elevar som har fråvær frå opplæringa. Føremålet med oppfølgingsplikta er å oppnå meir nærvær i skulen, og førebyggja at elevar utviklar urovekkjande høgt fråvær. Oppfølgingsplikta skal føra til betre moglegheit for kvar enkelt elev til å fullføra og bestå opplæringa.

Oppfølgingsplikta gjeld ved alle typar fråvær, og frå første dag eleven er borte frå opplæringa. Alt fråvær som eleven har frå opplæringa, skal følgjast opp.

Rutine for barnehagar og skular i Kvinnherad kommune
Kommunen kartlegg fråværet til elevane ved dei ulike skulane i kommunen. Vi kartlegg også nærvær i barnehagane, fordi vi tenkjer at gode vanar for nærvær vert etablert i tidleg alder.