Tenesta vert organisert som individuell støtte-/treningskontakt, deltaking i aktivitetsgruppe eller individuelt tilbod i samarbeid med frivillig lag/organisasjon. Den som ynskjer Aktiv fritid må søkje til Kvinnherad kommune, der det vert fatta vedtak etter «Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester» § 3 - 1 og 3 - 2 pkt 6b. Vedtak vert gjort ut frå ei individuell vurdering, med utgangspunkt i den enkelte sine ynskjer og behov.

Skjema finn du her:
Søknad om Helse- og omsorgstenester

Meir informasjon om støttekontakttenesta kan du lese i Helsedirektoratet sin informasjonsbrosjyre.

Vår eigen brosjyre finn du her i utskriftsvenleg versjon: Brosjyre - Aktiv Fritid (skriv ut dobbelsidig og brett sida i tre deler)

Utbetaling av godtgjersle:

Utbetaling av godtgjersle vert gjort den tolvte i kvar månad i tråd med avtalen.

Godtgjeringa er frå 01.01.24 kr.200 per time knytt til individuell støttekontakt, og kr.240 per time knytt til oppdrag i gruppe.

Kvinnherad kommune nyttar seg frå og med mars 2019 av digitale timelister: Rettleiar digitale timelister

​Vi ynskjer at flest mogleg nyttar seg av dei digitale timelistene, det er enklast for deg og enklast for oss. Det er framleis mogleg å nytte dei gamle i papir. Desse ligg her: Timeliste for oppdragstakar i Aktiv Fritid

Aktiv Fritid logo.png

Vil du bli støttekontakt?

Kvinnherad kommune har til ei kvar tid behov for støttekontaktar i alle aldrar og over heile kommunen. Dersom du kan tenkje deg å bidra til å skape ei meiningsfull fritid for andre kan du søkje om å bli støttekontakt.

Skjema finn du her:
Søknad om å bli støttekontakt