Melding om arrangement
Planlegg du eit arrangement i eit bygg eller på eit område som normalt ikkje nyttast til slike tilstellingar, må du sende oss ei melding. Ved arrangement og festivalar må du melde frå minst fire veker før. Skjema for melding finn du her, eller under skjema.
Dette må du ha på plass før du melder:
-
Tidspunkt og tema for arrangementet, storleik, adresse og namn på den som er ansvarleg.
-
Risikoanalyse. Denne skal kartlegge kva som kan gå galt, korleis det skal forhindrast og kva tiltak som er planlagt for å redusere konsekvensane dersom noko skjer.
-
Skildring av plassen arrangementet skal føregå, og tilhøyrande installasjonar eller utstyr. Dette kan være alarm- og lydanlegg, sløkkeutstyr og rømmingsskilt/belysning.
-
Skildring av rømmingsvegane (plassering, antal, bredde) sett i høve til berekna persontal og tilgjengeleg rømningstid. Persontal bør fastsettast av fagfolk.
-
Prosedyrar for evakuering.
-
Oversikt over sikkerheitspersonell – antal, rutinar og ansvar.
-
Du må være sikker på at staden eller området er tilrettelagt for at brannvesenet kan komma fram.
-
Du må vite kva du skal bruke av brannfarlege varer. Dette kan være fyrverkeri eller propan. Skal du bruke pyrotekniske varer må du sende søknad om løyve til avfyring av fyrverkeri.
-
Det er viktig at du melder frå om arrangementet i god tid – minst fire veker før.
Dette er krav som brann- og eksplosjonslovgivninga stiller til deg som skal arrangera. Her kan du lese meir om tiltak ved store arrangement.
Rettleiar for tryggleik ved store arrangement
Dersom du skal organisere arrangement, er det viktig at du tenker på tryggleiken til alle som skal delta. Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) har laga en veileder for sikkerheit ved store arrangement som vi oppfordrar alle arrangørar til å sette seg godt inn i før melding sendes til Kvinnherad brann og redning.
Her kan du lese Retningsliner - større arrangement.pdf