Tenester i fysioterapitenesta

Kommunalt tilsette fysioterapeutar

Dei fast tilsette fysioterapeutane yt primært tenester til born og unge i helsestasjon- og skulehelsetenesta, personar med langvarige og samansette problem, institusjonsbebuarar og personar med trong for rehabilitering. Bruk felles teledonnummer til høgre i menyen.

  • Undersøking, vurdering og kartlegging 
  • Behandling og oppfølging individuelt og/eller i gruppe 
  • Habilitering og rehabilitering, i og utanfor institusjon 
  • Rettleiing, informasjon og undervisning til pasient, pårørande eller andre fagpersonar 
  • Formidling og tilpassing av hjelpemiddel  
  • Gruppetrening  
  • Palliativ behandling 
  • Kvardagsrehabilitering
  • Anna førebyggjande og helsefremjande arbeid

Fysioterapeutar med driftsavtale med kommunen

Fysioterapeutar med kommunal driftsavtale gjev primært eit tilbod til unge, til yrkesaktive vaksne og til eldre med avgrensa problemstillingar. Timebestilling skjer direkte til den enkelte terapeut, finn kontaktinformasjon til høgre i menyen.

Pris for tenesta
Ergo- og fysioterapitenesta i Kvinnherad kommune nyttar sentralt regulerte takstar for fysioterapibehandling. Desse gjeld både for fysioterapeutar som har driftsavtale med kommunen og for kommunalt tilsette fysioterapeutar. 

Dei fleste må betale ein eigendel når dei har time hos fysioterapeut, med unntak av nokre grupper: 

  • Born under 16 år
  • Personar med godkjent yrkesskade
  • Personar med frikort  

Ein får delvis stønad til dekking av utgifter til undersøking og behandling hos fysioterapeut. Frå 1. januar 2021 vart eigendelstaka 1 og 2 slått saman til ei frikortsordning, med ei felles frikortgrense på 3165 kr i 2024. Fysioterapeuten rapporterer til HELFO og du vil automatisk motta frikort ved oppnådd eigendelstak. 

Tilvising/kontakt 
Ein treng ikkje tilvising frå lege for å få behandling hos fysioterapeut. Du sjølv, pårørande eller andre fagpersonar kan ta direkte kontakt med fysioterapitenesta.

Førespurnadar vert registrert på venteliste og prioritert i samsvar med prioriteringsnøkkelen vår.