I tillegg til slått og beiting har det vore hausta lauv til fôr, teke ut hassel til tønneband, hausta nøtter, plommer, barlind og kristtorn. Her er edellauvskog med rikt innslag av kalkkrevjande artar. Størstedelen av området er landskapsvernområde med plantelivsfreding for treslaga barlind og kristtorn. Delar av lia var nokre år prega av gjengroing, men har no i aukande grad velstelt og artsrik slåttemark. Området har ei sag som har vore vassdriven og tredemningar etter sagbruksdrifta. Stien gjennom teigane går delvis på bakkemurar og på fleire av teigane står det utløer og naust som er knytt til den tradisjonelle drifta.
I 2024 er det utarbeidd skjøtselsplan for området: Gjuvslandslia UKL-område. Ivaretaking og skjøtsel av eit verdifullt kulturlandskap med barlind og kristtorn
Kva er Utvalde kulturlandskap?
Landskapa er valde ut fordi dei er særeigne jordbrukslandskap med store biologiske og kulturhistoriske verdiar, skapte av menneske i samspel med naturen gjennom generasjonar. Særpreget blir teke vare på gjennom vidare drift, skjøtsel og vedlikehald av område over heile landet. Folka som bur her, tek vare på naturmangfald, kulturhistorie og jordbruksdrift gjennom både tradisjonelle bruksmetodar og dagens bygdeliv. Støtte frå styresmaktene skal bidra til at desse verdiane blir med oss inn i framtida.
Utvalde kulturlandskap i jordbruket er ei tverrfagleg, felles satsing mellom Landbruks- og matdepartementet og Klima- og miljødepartementet. Satsinga skal sikre verdiar knytte til landskap, biologisk mangfald, kulturminne og kulturmiljø, inkludert å sikre langsiktig skjøtsel og drift.
Arbeidet med å velje ut område starta tilbake i 2008. I 2024 har vi 51 område som viser mangfaldet av norske jordbrukslandskap. For 2024 er det løyvd totalt 31,8 mill. kroner, der 15,5 mill. kroner er løyvd over jordbruksavtalen og 16 mill. kroner over statsbudsjettet, på Klima- og miljødepartementet sitt budsjett.
Kvifor har vi Utvalde kulturlandskap?
Føremålet med satsinga er å sikre langsiktig forvaltning av utvalde landskapsområde med store biologiske og kulturhistoriske verdiar, som er forma av langvarig og kontinuerleg tradisjonell bruk.
Jordbrukslandskapet er skapt av menneske i samspel med naturen. Bygningar, steingjerde, gravhaugar og ferdselsvegar er bygde, og slåttenger, lyngheier, beitemarker og lauvingslier har blitt til gjennom bruk av areal gjennom lang tid, mange stader fleire tusen år. Heilskapen av gardsbruk og inn- og utmark i opne og varierande jordbrukslandskap er resultatet av den samla aktiviteten. Desse verdiane er avhengige av vidare bruk, skjøtsel og vedlikehald for å kunne bli haldne ved like.