Støttegruppa kan ikkje ta over ansvar frå anna helsepersonell i den akutte situasjonen eller i handsaminga av hjelpetrengande. Gruppa sitt arbeid skal ikkje erstatta, men supplera, koordinera og styrkja meistringsstrategiar og hjelpetiltak frå nærmiljø, sosialt nettverk, arbeidsplass, skule, kyrkje, ulike foreiningar og helsetenesta sosialrådgjevingstenesta elles.

Det er naudetatane,  v/ legevakta eller politiet som kan ta kontakt med kommunelegen som er leiar for kriseteamet, for å aktivera gruppa eller delar av gruppa.