Opningstider

Timar merkte med * er kun opne frå 01.09 til 30.04 kvart år.

NB ! Varmebassenget er stengt 16. mai.

Måndag 8.50-9.45. I desember er det ekstra ope 12.50-13.45, 23. og 30. desember blir det også ekstra ope 10.50-11.45.

Tysdag 8.50 - 9.45, 12.50 - 13.45

Onsdag 12.50 - 13.45 

*Onsdag 15.50-16.45, *16.50-17.45,*17.50-18.45. 

Torsdag 8.50-9.45 og 12.50-13.45

Fredag 8.50-09.45, 09.50-10.45, 10.50-11.45

*Laurdag 08.50-09.45, *09.50-10.45, *10.50-11.45 og *12.50-13.45, *13.50-14.45 

 

Opningstider offentleg bading Jul 

23.Desember: kl. 8.50-9.45, 10.50-11.45, 12.50-13.45 

24.,25.,26. Desember: stengt 

27. Desember: vanlig 

28. Desember: Stengt

30.Desember: kl. 8.50-9.45, 10.50-11.45, 12.50-12.45 

31.12 og 1. Januar: stengt 


Ring 90 91 20 81 for tinging av handikappgarderobe

Velkomen!

 

Stenging frå 10. januar

På grunn av nødvendig vedlikehald held bassenget stengt frå 10. januar i minst tre veker. 

Følg med på heimesida til Kvinnherad kommune eller Facebook for nærare informasjon om opningsdato.

Offentleg bading

Kvar vaksen kan ha med tre barn under 12 år, minst éin må vere symjedyktig. Barn kan gå åleine frå fylte 12 år. Vi tek 15 stykk i bassenget, og vi må vere tre funksjonsfriske vaksne over 18 år for å starte bading. Dette er inkludert badevakta. 

Alle skal dusje utan badetøy og vaske håret, eller bruke badehette. Langt hår skal i strikk. Dette er viktig for å halda god vasskvalitet, med minst mogleg bruk av kjemikalie. 

Vi har badehetter som du kan få låne. Handikappgarderoben kan tingast om du treng den, dette bør gjerast i godt tid. Vi har rullestol/seng slik at dei med nedsett funksjon kan nytta bassenget på best mogleg måte. 

Av og til må vi ha lister. Dei gjestene som ventar når badevaktene opnar døra og ikkje får koma med på badinga fordi det er fullt, kan få tilbod om å betala og skrive seg på ei liste til neste bading. Alle som skal skrive seg på lista må ha stått i kø og ikkje fått plass. Ein har ikkje lov til å skriva andre på lista.

Vi ønskjer alle hjarteleg velkomne.

 

Treningsgrupper med fysioterapeut

Det er tilbod om individuell trening i basseng i grupper med fysioterapeut for barn og vaksne.

For meir informasjon, kontakt ergo- og fysioterapitenesta.

Informasjon om leigeavtalar

Vi leiger ut timar til lag, organisasjonar, bedrifter og private grupper. Helserelaterte organisasjonar vert prioritert. De leiger då fast eller enkle timar, og har sjølv ansvar for både tryggleik og det praktiske. Ein leiger bassenget 1 klokketime inkludert garderobetid.

Prisar
Pr time: kr 740
Pr time med badevakt: kr 1065
Max 15 personar.