Oppretting av administrasjonsutval.
Administrasjonsutvalet er eit partsamansett utval oppretta med heimel i kommunelova § 5-2, jamfør Hovudavtalen del B § 4.

Val og samansetjing.
Utvalet har 5 medlem, der 3 representantar er politisk valte og 2 er arbeidstakarrepresentantar. Varaordførar er leiar av utvalet. Elles gjeld kommunelova § 5-11.

Administrasjonsutvalet sine oppgåver og mynde.
Utvalet skal handsama saker som gjeld tilhøvet mellom kommunen som arbeidsgjevar og dei tilsette. Under føresetnad av at myndet ikkje er delegert til andre politiske organ eller til kommunedirektøren, skal administrasjonsutvalet handsama og gjera vedtak eller gje innstilling til kommunestyret i saker som gjeld:

  • § Overordna prinsipp og retningsliner for kommunen sin arbeidsgjevarpolitikk
  • § Reglement og retningsliner for dei ulike delområda i arbeidsgjevarpolitikken
  • § Tilhøvet mellom kommunen som arbeidsgjevar og dei tilsette
  • § Ta initiativ og få utgreidd viktige politiske saker innanfor arbeidsområdet

Administrasjonsutvalet er delegert mynde til å ta avgjerd i saker som er nemnde ovanfor, avgrensa mot lov, kommunestyret sine oppgåver og kommunestyrevedtak som avgrensar fullmaktene.

Møte.
Utvalet sine møte vert haldne for opne dører, og skal lysast, med mindre omsynet til personvern eller andre tungtvegande grunner tilseier at møtet skal vera lukka. Utvalet er vedtaksført når minst halvparten av medlemene er til stades. Kommunedirektøren har møte- tale og forslagsrett i utvalet sine møter. Kommunedirektøren kan la seg representera av andre tilsette. Det skal førast protokoll frå utvalet sine møter.

Sekretariat.
Kommunedirektøren syter for sekretariatfunksjon for utvalet, og har ansvar for at dei saker som vert lagt fram for utvalet, er forsvarleg førebudde og utgreidde, i samsvar med dei reglane som gjeld.

Her finn du møteoversyn og medlemmar.