Kommuneplanen er kommunen sitt overordna styringsdokument. Kommuneplanen skal gje rammer for kommunen sine planar og tiltak, og planar for bruk og vern av areal i kommunen. Alle kommunar skal ha ein kommuneplan, og ein kommuneplan skal innehalda ein samfunnsdel med handlingsdel og ein arealdel (jamfør pbl. § 11-1).
Føresegner, planforklaring og andre dokument knytt til kommuneplanen finn ein i planregisteret.
Meir om kommuneplan kan du lese her.
Ny kommuneplan, både samfunndel og arealdel, er under arbeid og denne prosessen kan ein følgje på heimesida til Kvinnherad2050.
Spørsmål knytt til ny kommuneplan, kan ein sende e-post til kvinnherad2050@kvinnherad.kommune.no.