Gardskart visar arealressursar og arealtal for alle eigedomar. Det er ikkje eit eige kart, men sett saman av informasjon frå fleire kjelder.

Gardskarta består av eit målestokkriktig flyfoto – såkalla ortofoto, der ulike kartdata er lagt over. Desse karta dannar grunnlaget for berekning av arealstorleiken på ein landbrukseigedom. Dei jordbruksareala ein kjem fram til på kartet dannar grunnlaget for tilskotsberekningane i jordbruket og er difor svært viktige. Opplysningane som ligg på kartet består av følgjande hovudgrupper:

  • Eigedomsgrenser for dei teigane/grunneigedomane som ein landbrukseigedom består av. Dei enkelte teigane/grunneigedomane kan ha forskjellige gards- og bruksnummer. På gardskartet er eigedomsgrensene merka med lyseraud linje. 
  • Markslaga viser arealkategoriane innanfor ein teig/grunneigedom, til dømes fulldyrka jord, overflatedyrka jord, innmarksbeite, barskog, myr, fjell osv. Markslagsgrensene er merka med gul linje. Gamle markslagsgrenser er merka med prikka linje. 

Det er grunneigar som er ansvarleg for rette arealoppgåver, men dei som leiger areal må sjekke med utleigar slik at arealoppgåva blir riktig. Jordbruksareal som eigast i andre kommunar eller ligg i fellestiltak (fellesseter/fôrdyrkingslag), kjem utanom arealoppgåva på gardskartet. Slike areal må som før manuelt leggjast til i søknaden om produksjonstilskot på tilsvarande måte som for leigde og festa areal.

Gardskart finn du på nettsida til NIBIO.