![Ordførar Vegard Bjørnevik](https://img6.custompublish.com/getfile.php/5236750.1216.qzmpjpzmiujtzs/420x0/6105796_5236750.jpg)
Ordførar
Ordførar i Kvinnherad kommune er Vegard Bjørnevik. Han representerer Høgre og har vore ordførar i kommunen sidan 19. oktober 2023.
Ordføraren vert vald av dei folkevalde kommunestyrerepresentantane i eit kommunestyre. I kommunar som nyttar formannskapsmodellen er ordføraren ansvarleg for å organisera arbeidet i formannskapet og kommunestyret, medan ein administrativt tilsett kommunedirektør, har ansvaret for å leia administrasjonen og for utgreiing av saker som vert lagt fram for dei folkevalde.
Ordføraren er den øvste offisielle tillitsvalde i kommunen og deltek i små og store hendingar. Ordføraren har kontor i rådhuset.
![Varaordførar Thea Vaage](https://img6.custompublish.com/getfile.php/5221349.1216.zpituq7luats7k/420x0/6105796_5221349.jpg)
Varaordførar
Varaordførar Thea Vaage (Ap) er avløysar for ordføraren og tek over ordføraren sine funksjonar i høve ferieavvikling, permisjonar, sjukdom og liknande.