Kvinnherad kommune eig og driv 3 avløpsreinseanlegg:
- Jonatangen RA i Rosendal
- Risnes RA på Husnes
- Valen RA i Valen
På avløpsnettet er det 25 slamavskiljarar og 28 avløpspumpestasjonar.
Kva skal IKKJE kastast i do?
Vi set stor pris på om abonnentane ikkje kastar kva som helst i do. Det viser seg at det av og til vert kasta ting i do som skal kastast i avfallsdunken. Ting som kan tetta avløpsrøyra eller på annan måte laga problem skal ikkje kastast i do. Det kan til dømes vera filler, bleier o.a. Meir om dette kan du sjå på nettsida dovett.no