På denne sida finn du meir informasjon om kva du kan gjere og kvar du kan ta kontakt.
Du kan òg lesa meir om kva vald og seksuelle overgrep er, og kva det kan gjere med dei som blir utsett for dette.
Treng du nokon å snakka eller rådføra deg med kan ein ta kontakt med Rus og psykiske helsetenester for vaksne eller Konsultasjonsteamet for vald og seksuelle overgrep (sjå nedst på sida).
Akutt
Ved alvorlege trugslar og/eller fysisk skade, ring politiet 112.
Kontakt overgrepsmottaket eller legevakt, 116 117, for undersøking og sporsikring.
Unngå kroppsvask før undersøkinga.
Ved halsgrep/kveling bør ein alltid ha legetilsyn.
Kontakt gjerne Krisesenter Vest 53 41 12 12
Er du eller den utsette trygg? - vurder kva du kan gjere for å bli trygg fram til du kan få hjelp
Grunn til å tru at eit barn blir utsett for vald eller overgrep?
Når du har grunn til å tru at eit barn blir utsett for vald eller overgrep, eller kjem til å bli utsett, har du avverjeplikt.
Det kan mellom anna vera ved:
- Fysiske skader
- Symptom etter psykisk vald
- Alvorlege trugslar
- Mistanke om seksuelle overgrep
- Barnet viser redsel for å gå heim
- Barnet blir henta av rusa foreldre, eller er heime med rusa foreldre
- Mistanke om nært føreståande / gjennomført kjønnslemlesting eller tvangsekteskap
- Barnet fortel om opplevingar det har hatt
Varsla politiet så snart som råd.
Varsla òg barneverntenesta/barnevernsvaktaVed synlege skader, ta gjerne bilete. Vurder om barnet må til lege for å sikre bevis.
OBS: er det mistanke om vald og overgrep mot barn, skal IKKJE foreldre bli varsla.
Er du utsett for vald eller overgrep?
Du vurderer kanskje å bryte ut av ein valdelig relasjon, eller kanskje du allereie har gjort det og treng nokon å snakka med? Du kan ta direkte kontakt med kommunen sitt krisesentertilbod, utan henvisning eller