Halsnøy Kloster

På øya Halsnøy i innløpet av Hardangerfjorden, Kvinnherad kommune ligg ruinane etter eit Augustinerkloster bygd kring 1300. Men klosterdrifta på staden kan sporast attende heilt til 1100-talet.

Gjennom heile året vert det arrangert små og store tilskipingar som omvisingar, utstillingar, føredrag, konsertar og den årvisse «klosterdagen» med rikt program for store og små.

Museet har eigne undervisningsopplegg for skulane.

Det er mogleg å leiga lokale på Halsnøy kloster til møte og andre arrangement. Klosteret er godkjend som vigslingsstad, og blir brukt både av Den norske kyrkja og Human-etisk forbund.

Nøkkelstad langs kystpilgrimsleia

Halsnøy kloster er også ein av 26 nøkkelstader langs kystpilgrimsleia som strekkjer seg frå Egersund til Trondheim. Meir info finn du her: Kystpilgrimsleia

Kontaktperson ved Bergens Pilgrimsenter: lauritz.haarr@pilegrimssenter.no

https://www.facebook.com/bergenpilegrimssenter/

Kulturløypa

I området rundt Halsnøy kloster finn du ein innhaldsrik kulturløype utarbeida i samarbeid mellom Venelaget for Halsnøy kloster, Sunnhordland museum og Riksantikvaren. Meir om løypa og kart: Halsnøy kloster kulturløype

Kunstnaropphald

Halsnøy kloster har sidan 2010 hatt kunstnaropphaldsperioder ( Artist-in-Residence) for fotobaserte kunstnarar frå heile verda. Meir om kunstnaropphalda finn du her:

Om A.i.R- programmet

For English:

Artist-in-Residence /How to apply

Litt lengre ned på sida finn du aktuelle saker frå Halsnøy kloster.

Utstillingar på tunet

Kva skjer på tunet?

No event found!
Load More
Opningstider

Vår /Sommer 2024:
Sesongopning 24. mars - Utstillingsopning (Palmesøndag) 
Ope Påskehus: 
27. mars -31 mars: 11.00 - 15.00

4. april - 16.juni:
onsdag, torsdag, fredag og søndag
11.00 - 15.00

Sommarope 18. juni - 11.august:
tysdag - søndag
11.00- 16.00
mandag stengt.
Finn vegen
Omvisning

Sommarsesong medio juni – medio august: Daglege omvisningar i tunet.

Utanfor sesong – gruppebestilling etter avtale kontakt:

hkl@sunnhordland.museum.no

Tlf.: +47 95045974

Pris
Vaksen kr. 100,- Born 10-16 år kr. 40,- Born under 10 år – gratis. Honør/student kr. 75,- Gruppebillett over 15 pers. kr. 75,-. I sesong tilbys omvisning i ordinær inngangsbillett. Utanom sesong kan omvisning tingast/tilbys for eit tillegg på kr. 15

Aktuelt frå

Halsnøy Kloster

I slutten av september 2023 vart det halde seminar om skriftkulturen på Halsnøy kloster. Føremålet med seminaret var å bringe fram ny kunnskap om skriftmiljøet ved Halsnøy kloster og dei konkrete materielle kjeldene som kan knytast til klosteret.
Skip to content