Du er velkomen til å kontakta oss for:

  • Å snakka med psykolog eller psykisk helsearbeidar
  • Informasjon om og spørsmål knytt til rus- og psykisk helse som du lurer på, og som du ynskjer å snakke med nokon om.
  • Støttesamtalar og rettleiing i grupper
  • Informasjon og støttesamtalar for pårørande
  • Kurs og sjølvhjelpsgrupper - Oversikt over desse finn du her: Lærings- og meistringstilbod
  • Støtte til auka meistring i eige liv
  • Individuell plan – vurdering og koordinering
  • Individuell oppfølging, som din støttespelar i samhandling med andre tenester om til dømes helsetilbod, bustad, arbeid/sysselsetting, fritidsaktivitetar, skule/utdanning
  • Utlevering av brukarutstyr til injisering av rusmiddel: Informasjon om utdeling av brukarutstyr

ALLE SOM JOBBAR HOS OSS HAR TEIEPLIKT!

Spesialisthelsetenesta har innført pakkeforløp for utgreiing og behandling i psykisk helsevern, vaksne og pakkeforløp for tverrfagleg spesialisert rusbehandling, vaksne frå 01.januar 2019.

Målsetting med pakkeforløp er å auke brukarmedverknad, samanhengande og koordinerte pasientforløp, unngå unødig ventetid for utgreiiing, behandling og oppfylging. Eit likeverdig tilbod til pasientar og pårørande, samt betre ivaretaking av somatisk helse og gode levevanar. Pasientar skal få tildelt forløpskoordinator i spesialisthelsetenesta og i kommunen.

Forløpskoordinator i Kvinnherad kommune er:
Koordinerande eining (KE)
Hege Kristin Raudstein
Tlf: 45 65 15 78 

Les meir om pakkeforløp her.

Rådgjevande eining for rus-saker

Stortinget vedtok 7. juni 2021 ny § 3-9 b i lov om kommunale helse- og omsorgstenester (hol.), om etablering av rådgjevande eining for rus-saker i kommunane. Eininga skal ha ansvaret for å møte personar når oppmøte i eininga er satt som vilkår for ein bestemt strafferettsleg reaksjon, inkludert gjennomføring av ruskontroll etter straffeloven § 37 første ledd bokstav d, dersom det er sett som vilkår.

Eininga si primære oppgåve er å gje oppfølging, råd og rettleiing til personar som er ilagd møteplikt, samt utføre ruskontroll dersom dette er sett som vilkår. Eininga kan tilby individuell oppfølging om ønskjeleg.

Rus- og psykiske helsetenester har ansvar for oppfølging, råd og rettleiing

Husnes helsesenter har ansvar for praktisk gjennomføring av rus-testar.

Rask psykisk helsehjelp

Rask psykisk helsehjelp (RPH) er eit gratis, kortvarig, lågterskeltilbod bygd opp på kognitiv terapi - som vil seia at ein jobbar med korleis tankane våre påverkar følelsar, kroppslege reaksjonar og handlingar, og ser dette i samanheng. Det er mykje psykoedukasjon, samt eit behov for eigeninnsats i behandlinga. 

Inn i dette tilbodet vil ein òg gje tilbod om kurs som t.d. kurs i depresjonsmeistring, kurs i belastningsmeistring og recoverykurs. Dette er kurs me allereie har i dag i kommunen (her finn du meir informasjon om kursa).
I RPH vil ein ilag med pasient som søkjer seg inn bli einige om kva som er det rette tilbodet, om det er kurs, internettbasert sjølvhjelpskurs med vegleiing, eller individuelle samtalar. 

Dette er eit tilbod som omhandlar mild til moderat depresjon, ulike typar angst, søvnvanskar (insomni), stress og belastning samt bekymringar, og begynnande utfordringar knytt til rus. 


Ein tar kontakt med RPH-teamet med å sende KUN namn og telefonnummer til:

raskpsykiskhelsehjelp@kvinnherad.kommune.no

 

eller tar kontakt med 

Eva Sjo: 48 19 08 75

Birte Thoresen: 91 66 70 66

Borgjo Bufellesskap

Besøksadresse
Kyrkjevegen 50, 5470 Rosendal.
Tlf: 488 96 913

Avdelingsleiar 
Aleksander Ingebretsen
Tlf. 45 70 96 14 (dagtid)

Rus- og psykiske helsetenester/ambulerande team

I rus- og psykiske helsetenester har vi psykologspesialist, psykiske helsearbeidarar og erfaringsmedarbeidar.

Vi er lokalisert i 2. høgda på senteret. Inngong ved biblioteket.
Besøksadresse: Sentrumsvegen 41, 5460 Husnes.

Ved behov for kontakt dagtid tlf. 53 48 31 00
Opningstid: kl. 09.00 - 15.00.

Ved behov for hjelp utanom opningstida kan du ta kontakt med legevakta på tlf. 53 47 33 00.

Korleis få tenesta:
Du finn søknadsskjema under skjema på Kvinnherad kommune si heimeside. Fyll ut skjema: Søknad om helse- og omsorgstenester og send det til
Kvinnherad kommune, Sektorkontoret helse, omsorg og sosial, Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal.

Eller du kan ringe direkte til Kvinnherad kommune på telefon 534 83 100 som vil sette deg over til ein av dei psykiske helsearbeidarane.

Alle som søkjer om hjelp vil få svar. Vi har teieplikt!

Avdelingsleiar
Laila Håvik
Tlf. 47 48 77 64

Oppfølgingstenesta

Besøksadresse
Stølshaugvegen 15, 5460 Husnes
Tlf. 53 46 17 85 / 95 40 71 89

Avdelingsleiar
Ida Dolonen-Marthinussen
Tlf. 91 00 42 68 (dagtid)

Utsikten bufellesskap

Besøksadresse
Klubbavikjo 13, 5451 Valen
Tlf. 53 46 12 96 / 90 93 31 18

Avdelingsleiar
Ida Dolonen-Marthinussen
Tlf. 91 00 42 68 (dagtid)