Vårt mål er at alle barn skal oppleva eit miljø der dei trivst, får utvikla sitt læringspotensial, og er verna mot krenkingar og mobbing.
For å nå dette målet deltar alle barnehagar og skular i satsinga "Inkluderande barnehage- og skulemiljø," leia av Utdanningsdirektoratet. Utviklinga av skulemiljøet skjer gjennom lokal kompetanseutvikling, der tilsette får opplæring og støtte tilpassa lokale behov. Arbeidet omfattar kurs, nettverksbygging og samarbeid, med oppfølging av ressurspersonar i kommunen.
Nulltoleranse for krenkingar
Skulen har nulltoleranse for krenkingar som mobbing, vald, diskriminering og trakassering. Alle elevar har rett til eit skulemiljø som fremjar helse, trivsel og læring, både psykisk og fysisk, jf. Opplæringslova § 12-2. Det er eleven si eiga oppleving av skulemiljøet som er avgjerande.
Alle tilsette ved skulen har aktivitetsplikt for å sikra eit trygt miljø, jf. Opplæringslova § 12-4. Dette inneber at dersom ein vaksen har mistanke om, ser, eller får melding om at ein elev blir krenka, skal dei alltid:
- Gripa inn for å stoppe krenkinga, dersom mogleg
- Varsla rektor
- Undersøka situasjonen
Rektor har ansvar for å setja inn tiltak som sikrar at eleven opplever skulemiljøet som trygt. Alle tiltak skal dokumenterast i ein aktivitetsplan, og foreldre/føresette skal bli informerte.
Dersom barnet ditt ikkje har eit trygt skulemiljø
Elev eller føresett kan kontakta skulen for å be om tiltak dersom eleven ikkje opplever tryggleik. Dersom saka ikkje blir løyst i samråd med rektor, kan den meldast til statsforvaltaren.
For spørsmål eller hjelp, ta kontakt med skulen der barnet ditt er elev.