Ynskjer du å dele frå ei tomt eller opprette ei festetomt for meir enn ti år, må du søkje kommunen om løyve. Eit slikt løyve er trinn ein i ein sakshandsamingsprosess, der trinn to er å halde ei oppmålingsforretning. Den nye eininga får eige gards- og bruksnummer (matrikkelnummer).
Bruk begge skjema: Søknad om løyve til tiltak utan ansvarsrett og Krav om matrikulering, medrekna rekvisisjon av oppmålingsforretning

Ved deling må det ikkje oppstå tilhøve som strir mot plan- og bygningslova eller vedtak gjeve i medhald av lova.
Løyve til frådeling er ikkje naudsynt for deling som skjer som ledd i jordskifte i samsvar med rettsleg bindande plan.
 
Målgruppe
Ei frådeling kan søkjast av mellom andre:
  • Grunneigar (person som har grunnboksheimel til ein eigedom)
  • Personar som gjennom ein rettskraftig dom er kjent som eigar til den delen av eigedomen som vert søkt frådelt
  • Personar som har innløyst festegrunn etter lov om tomtefeste
Kriterie/vilkår
For å kunne setje i gang tiltaket, må søknaden (og eventuelt søknad om dispensasjon frå vilkåra, eventuelt forslag til endring i regulerinsplan) vere godkjent av kommunen. Følgjande vilkår må vere oppfylt:
  • Nabovarslinga må vere utført
  • Delinga må tilfredstilla alle krav til byggjetomt i plan- og bygningslova, slik som krav til veg, vatn og avlaup
  • Tiltaket må ikkje vere i strid med kommuneplanen sin arealdel eller reguleringsplan
Gebyr
Gebyr finn du her.

Skjema/Lenkjer

Lover og forskrifter