Målgruppa til PPT er barn, ungdom og elevar som ikkje får tilfredstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet i skule, eller ikkje får dekka behova sine innanfor det allmennpedagogiske tilbodet i barnehage.
Den pedagogisk-psykologiske tenesta (PPT) skal sørgje for at det blir utarbeidd ei sakkunnig vurdering der lova krev det. Dette gjeld først og fremst vurdering om behov for spesialpedagogisk hjelp for barn i førskulealder og behov for spesialundervisning for elevar i grunnskule.
PPT skal også bistå barnehagar og skular i arbeidet med kompetanseutvikling og organisasjonsutvikling.
Kven kan få tenesta
- Barn og ungdom i grunnskulealder, 0-16 år
- Foreldre/føresette til barn og unge
- Skule- og barnehagetilsette
- Andre med arbeidsoppgåver knytt til personar med særskilde behov
- Vaksne med særskilde behov, 19 år og oppover (etter endt vidaregåande opplæring)
Formålet med tenesta
Bidra til at barn, unge og vaksne med særskilde behov vert sikra gode utviklings- og opplæringstilhøve.
Innhaldet i tenesta
- Utgreiing, diagnostisering og evt. vidare tilvising
- Direkte hjelp i form av samtalar, råd og veiledning
- Sakkunnig vurdering i høve til behov for spesialundervisning
- Veiledning til foreldre/føresette og tilsette i barnehage og skule i ulike spørsmål som angår utvikling, opplæring og rettar for barn og unge
- Råd og veiledning i høve til barn og unge med samansette lærevanskar, fagvanskar, kommunikasjonsvanskar og sosiale/emosjonelle vanskar
- Kurs og informasjonsverksemd
- Samarbeid med andre hjelpetenester, t.d. kommunale instansar, BUP (Barne- og ungdomspsykiatrisk), Syns- og audiopedagog tenesta, det statlege kompetanse-sentersystemet, medisinske 2. og 3. linetenester slik som Haukeland og Vestlund
- Frambu, rehabiliteringstenesta
Kva du kan forventa av oss
- Vi vil ta imot deg på PPT-kontoret i Husnestunet til avtalt tid
- Vi kan møte deg heime, i barnehagen eller på skulen etter avtale
- Vi vil lytta til det du har å fortelja, og du vil bli møtt med ei positiv haldning og respekt
- Vi har teieplikt og vil be om ditt samtykke dersom me skal samarbeida med andre fagfolk om di sak
- Vi er lett tilgjengelege
Kva vi forventer av deg
- At du deler din kunnskap og dine erfaringar med oss
- At du aktivt er med på å finne løysingar ut frå eigne behov
- At du seier kva du ønskjer og gjev tilbakemelding på kva du er nøgd/misnøgd med
- At du prøver å følgja opp det me saman er blitt einige om
- At du møter til avtalar og melder ifrå dersom tida ikkje passar.