Forpakting er regulert i forpaktingslova og skil seg frå rein jordleige ved at den, i tillegg til jord- eller skogbruksareal, også omfattar leige av eit eller fleire hus på eigedomen som bustad og driftsbygning. Forpaktingskontraktar skal godkjennast av Kvinnherad kommune.

Forpaktingslova gjeld ikkje for eigedom som er mindre enn 5 dekar.

Eit forpaktingsforhold finst i ulike variantar, som til dømes der forpaktaren leiger hus, mjølkekvote og produksjonsareal, til dei tilfella der naboen berre leiger delar av jordbruksareala samt driftsbygninga.

Rein jordleige er altså ikkje omfatta av forpaktingslova, som når jordbruksareala på ein eigedom blir driven av naboen som supplement til produksjonen på hans eigne areal. Bondelaget sitt servicekontor har utarbeidd ein standardavtale for jordleige. Brukarane av denne må vera merksame på at det kan vere behov for korrigeringar og tilpassingar i det enkelte tilfelle.