Eit godt og logisk adressesystem bidrar til å gjera det lettare og raskare å finna fram for blant anna utrykkingskøyretøy, Posten, heimesjukepleie og andre viktige tenester.

Kommunen er offisiell adressemyndigheit og vedtar blant anna nye gatenamn, namn på tettstader, bydelar, bustadfelt. Arbeidet vert gjort i samarbeid med den regionale stadnamntenesta for å avklara skrivemåten på nye namn før politisk vedtak vert fatta.

Før kommunen tildeler eller endrar vegadresse, skal kommunen informera den registrerte eigaren eller registrerte festaren. Vedkomande og andre som blir påverka av avgjerda, skal få høve til å uttale seg. Kommunen tildeler adresse så snart det er naudsynt og seinast saman med igangsetjingsløyve for byggjetiltaket.

Adressa skal om mogleg knytast til den vegen eller gata eigedomen har godkjend tilkomst frå. Høvet til å få endra adresse er avgrensa. Det skjer normalt berre dersom kommunen har gjort ein feil eller eigedommen har fått tilkomst frå ei anna gate enn tidlegare.

Offisiell adresse skal tildelast bygningar som blir brukte til bustad- eller fritidsføremål, til næringsverksemd eller til offentleg eller publikumsretta verksemd. Kommunen kan òg tilleggje andre eigedomar eller lokale offisiell adresse dersom det er føremålstenleg. 

Klage
Klageretten er avgrensa til
a) kva gate, veg eller liknande ei bygning eller ein eigedom skal ha adresse til
b) kva adressetilleggsnamn eller matrikkeladressenamn som er tildelt adressa
c) feil tildelt adressenummer eller brukseiningsnummer. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing.

Lover og forskrifter