Dagsturhytta på Nautavatnet i Kvinnherad er på plass

Dagsturhytta i Kvinnherad er på plass på tomta, ferdigmontert og tett, men ikkje opna. Om tre vekers tid kjem Stad kystbygg for å ferdigstille hytta innvendig og utvendig. Deretter står det att noko småarbeid fram til hytta opnar – vonleg i løpet av oktober. Det er Kvinnherad turlag som har teke på seg å drifta hytta, medan det er Kvinnherad kommune som bygg og eig hytta. Det er sjølvsagt opent for å ta turen opp til Nautavatnet for å sjå hytta utvendig no. Å sitje i solveggen mot Nautavatnet gjev allereie god le for nordavinden. Verk merksam på bandtvang – det er mykje sau i terrenget frå Fjellhaugen og opp til Nautavatnet.

Hytta er fastgjort i fjell, og vi har von om at hytta ikkje fangar for mykje snø til vinteren. Dette siste vil vi følgje nøye med på, og eventuelt gjere noko tiltak for å kunne halde inngangen så fri for snø som mogleg.

Du må vere budd på at dagsturhytta framleis er eit byggjeområde. Framover skal det plukkast sprengstein som ligg i terrenget, og arronderast rundt hytta. Saman med turlaget skal vi også prosjektere og setje i drift ein utedo.

Hytta har store flater med vindauge, som gjev god utsikt både mot nord, sør- og aust. Hytta blir kledd med trebord, som er brent og olja. Utvendig blir det også to takutstikk som ein kan sitja under, og to «tribunar» felt inn i takkonstruksjonen, som ein kan sitja i.

Innvendig blir hytta innreidd med ein enkel vedomn, ein benk og ein hems. Hytta blir utstyrt med eit minibibliotek, og eit solcelleanlegg til leselys og ein ventilasjonsløysing. Hytta skal ikkje nyttast til overnatting eller til matlaging. Publikum vil bli oppmoda om å ta av seg skoa før dei går inn. Det er mykje som talar for at publikum må bere med seg ved opp sjølve no i haust, medan endeleg vedløysing vil vere opp til turlaget og avgjere.

Stien frå parkeringa og opp til dagsturhytta skal skiltast, merkast og utbetrast saman med turlaget. I nokre parti er det ganske bløytt, og vi tilrår gode, vasstette fjellsko.

Tilkomst

Frå fylkesveg 5024 følgjer du skilting til skisenteret i Fjellhaugen. Frå nedste parkeringsplassen følgjer du grusveg i søraustleg retning om lag 300 meter. På høgre hand startar ein tursti/traktorveg som du følgjer vel 700 meter oppover i dalen, framleis mot søraust. Dalen opnar seg her i Fagnabotn, og svakt mot venstre følgjer du ein lite tydelig sti med elva på høgra hand. Du skal ikkje over bruka. I starten er eit våtmarksprega parti og kryssing av ein bekk, deretter meir fast grunn og periodevis tørr sti. Sporadiske sauetråkk kan leia deg i feil retning. I periodar vil stien vere tydeleg, og stien følgjer i hovudsak elva. Du får tjørna 640 på venstre hand og kryssar elva over ei ny bru som ikkje er merka av på kartet. Frå brua er det om lag 250 meter utan tydeleg sti i søraustleg retning opp til dagsturhytta og Nautavatnet, og du kan sjå den karakteristiske hytteprofilen på avstand.