Det betyr at datasett som inngår i det offentlege kartgrunnlaget skal nyttast som kunnskapsgrunnlag ved utarbeiding av plan- og byggesaker etter plan- og bygningslova. Det offentlege kartgrunnlaget har også som føremål å bidra til likebehandling og effektive prosessar gjennom eit kunnskapsbasert beslutningsgrunnlag.
Til dømes skal DOK-data inngå som kunnskapsgrunnlag i planintaitv, planprogram, konsekvensutgreiing (KU), risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS), plankart, planomtale, samt andre naudsynte utgreiingar og plandokument ved utarbeiding av reguleringsplan.
Eit kunnskapsgrunnlag forutset oppdaterte data. Datasett som er nytta som kunnskapsgrunnlag og dato for nedlasting skal dokumenterast i plandokumentene. Den nasjonale lista for det offentlege kartgrunnlaget vert oppdatert årleg av Kommunal- og distriktsdepartementet, og status for kommunen sitt val av nasjonale DOK-data og eventuelle DOK-tilleggsdata vil vere synleg i her.
Datasett for Kvinnherad kommune er tilgjengeleg for nedlasting i Geonorge sitt register.
Les meir om det offentlege kartgrunnlaget her.
Ta kontakt med plankontoret ved reguleringsplanar for meir informasjon. Kontaktinformasjon finn du her.