Informasjon om skulen
Historia til Kvinnherad kulturskule byrjar i 1974. Då vart det etablert privat musikkskule i kommunen.
Seinare, den 1. august, 1976 oppretta kommunen «Kvinnherad kommunale musikkskule».
Kvinnherad kulturskule er eit offentleg ått og drive musikk- og kulturfagleg tilbod til barn og unge i Kvinnherad kommune. Tilbodet er organisert i tilknyting til skuleverket og kulturlivet ellast. Målgruppe, - born i barnehage, elevar i grunnskule og vidaregåande skule, born og vaksne med spesielle behov og det lokale musikklivet i kommunen.
Føremålet med opplæringa er å læra, oppleva, skapa og formidla kulturelle og kunstneriske uttrykk. Kulturskulen har òg til oppgåve å kvalifisera elevar med særleg interesse og motivasjon til opptak i høgare kunstfaglig utdanning. Kvinnherad kulturskule er forankra i opplæringsloven § 13-6 som vart vedteke i Stortinget 5. juni 1997.
Både drift og undervising i Kvinnherad kulturskule tek utgangspunkt i Rammeplan for kulturskulen «Mangfald og fordjuping» (Norsk kulturskuleråd 2015-2016) som vart vedteke av kommunestyret 15.12.16.
Kulturskulen har administrasjon og undervisningslokaler i kulturskulesenter på Husnes. I tillegg gjev Kulturskulen desentralisert tilbod på dei 5 ulike stadane i kommunen: Hatlestrand skule, «Rosendal kulturskulesenter» (Malmanger skule) + samfunnshuset, Uskedalen skule, Valen skule, Halsnøy skule. Kulturskulen i Kvinnherad har eit breitt undervisingstilbod. Kulturskulen tilbyr opplæring innan fagområda kunst, dans, musikk og teater. Det finst òg tilbod til spesielle grupper ved kulturskulen (born og vaksne med spesielle behov. Undervisinga er organisert som einetimar eller i smågrupper og foregår stort sett på ettermiddagstid.
Det finnes både friplassordninga og syskenmoderasjon-ordninga i kulturskulen. For å halda på plassen i kulturskulen, må eleven re-registere seg kvart år. Kulturskulen samarbeider aktivt med lokalt kulturliv og sel dirigenttenester til fleire skulekorps, musikklag og blandakor i kommunen.
Kulturskulen samarbeider òg med andre aktørar og utfører følgjande tenester: instruksjon og opplæring, sal av utøvande tenester, konsertproduksjonar, teaterframsyningar, kunstutstillingar og danseframsyningar.
Kvinherad kulturskule er ein ressurs - og kompetansesenter i kommunen og har visjonen: «Kvinnherad kulturskule- ein skule for alle!»
Søknadsfristar for komande skuleår:
Re-registrering (noverande og tidlegare elevar og dei på venteliste): 1. april!
Elevplass (nye elevar): 15. april!
Elevopptak
Søknadsfrist for hovudopptaket er 1. april eller 15. april avhengig av påskeferien. Søkjaren må fylla ut det elektroniske søknadsskjemaet som ein finn her, og senda det inn innan fristen.
Av og til må kulturskulen gje meldingar på svært kort varsel om t.d. avlysing av undervisning. Skriv difor inn mobilnr. for mottak av sms (som oftast føresette sitt nummer) og e-postadresse.
Dersom eleven ønskjer å gå på fleire tilbod samtidig, må ein på søknaden skriva dette i merknadsfeltet. Vi kan ikkje garantera at alle dei utlyste undervisningstilboda blir sett i gang.
Alle som har søkt om plass vil få svar på søknaden innan 1. juli. Samstundes får dei som er komne inn melding om kva tid dei skal møta til hausten.
Påmeldinga er bindande og gjeld heile skuleåret (både haust- og vårsemester).
For å oppretthalda plassen i kulturskulen, må eleven søkja kvart år. Ventelistene blir samtidig nullstilte, men dei som har stått på venteliste har likevel førerett framfor nye søkjarar.
Utmelde elevar, som seinare år søkjer plass, har ingen førerett, men stiller på lik line med nye søkjarar.
Manglande betaling av skulepengar fører til oppseiing av plassen. Sjå punktet om Utmelding.
Avslag på opptak kan ankast inn for klageutvalet i kommunen. Kulturskulen har same ferie, planleggingsdagar og fridagar som barnehagar/ grunnskule. Det kan likevel koma avvik.
Friplass
Dersom heilt særlege grunnar tilseier det, kan kulturskulen gje heilt eller delvis fri opplæring etter grunngjeve søknad.
Utmelding
Dei som har fått plass blir rekna som elevar i kulturskulen frå og med komande skuleår, med mindre eleven blir skriftleg utmeld innan 1. august. Ønskjer eleven å slutta til jul, må det sendast skriftleg utmelding innan 1. des.
Send utmeldinga til: kirill.zimin@kvinnherad.kommune.no
Ved overskriding av fristane, er semesteret å sjå på som påbegynt, og ein må betala skulepengar fullt ut.
Manglande betaling av skulepengar fører til oppseiing av plass.
Utmelde elevar, som seinare år søkjer plass, har ingen førerett, men stiller på lik line med nye søkjarar.
Undervisingspersonale
Clive Anderson
Messing, korpsdirigent,
Elektronisk musikk
E-post: clive.william.anderson@kvinnherad.kommune.no
Tlf: 90 86 22 27
Ingvald T. Nilsen-Nygaard
Gitar, bass, gitarorkester, "Amigos"
E-post: ingvald.nilsen@kvinnherad.kommune.no
Tlf: 90 69 33 46
Koshiwayi Sabuneti
Dans
E-post: koshiwayi.sabuneti@kvinnherad.kommune.no
Tlf: 47 28 17 32
Maria Malmsten
Kordirigent, songlærar, teater
E-post: maria.malmsten@kvinnherad.kommune.no
Tlf: 97 69 98 87
Øystein Skjæveland
Visuell kunst
Epost: oystein.skjaeveland@kvinnherad.kommune.no
Tlf: 41 60 73 81
Nicholas Hughes
Messinglærar, korpsdirigent
E-post: nicholas.hughes@kvinnherad.kommune.no
Tlf: 47 22 22 58
Yuko Shuto
Pianopedagog
E-post: yuko.shuto@kvinnherad.kommune.no
Tlf: 95 45 42 86
Sølvi Marie Berge
Musikk og rytme, “Amigos” og musikkleik
E-post: solvi.marie.berge@kvinnherad.kommune.no
Tlf: 95 08 48 79
Olena Pasichnyk
Fiolinlærar
E-post: olena.pasichnyk@kvinnherad.kommune.no
Tlf: 90 18 02 76
Nikolay Balbekov
Trommesett, vibrafon, marimbaorkester, piano, band
E-post: nikolay.balbekov@kvinnherad.kommune.no
Tlf: 45 73 10 99
Administrasjonen
Kulturskulen har kontor i det nye Kulturskulesenteret på Husnes.
Kontortid: måndag, onsdag og fredag, kl. 09:00 - 15.00
Tilsette i administrasjonen er:
Rektor/einingsleiar
Kirill Zimin
E-post: kirill.zimin@kvinnherad.kommune.no
Mob: 45 66 58 92
Undervisingsinspektør/web- og arrangementansvarleg
Silje Dyrseth Eide
E-post: silje.dyrseth.eide@kvinnherad.kommune.no
Mob: 94 89 17 35