På denne sida finn du meir informasjon om kva du kan gjere og kvar du kan ta kontakt. ​

​Du kan òg lesa meir om kva vald og seksuelle overgrep er, og kva det kan gjere med dei som blir utsett for dette. 

Treng du nokon å snakka eller rådføra deg med kan ein ta kontakt med Rus og psykiske helsetenester for vaksne eller Konsultasjonsteamet for vald og seksuelle overgrep (sjå nedst på sida).

Akutt

Ved alvorlege trugslar og/eller fysisk skade, ring politiet 112. ​

Kontakt overgrepsmottaket eller legevakt, 116 117, for undersøking og sporsikring. ​

Unngå kroppsvask før undersøkinga. ​

Ved halsgrep/kveling bør ein alltid ha legetilsyn. ​

​Kontakt gjerne Krisesenter Vest 53 41 12 12​

Er du eller den utsette trygg? -  vurder kva du kan gjere for å bli trygg fram til du kan få hjelp

Grunn til å tru at eit barn blir utsett for vald eller overgrep?​
Når du har grunn til å tru at eit barn blir utsett for vald eller overgrep, eller kjem til å bli utsett, har du avverjeplikt. ​

Det kan mellom anna vera ved:​

  • Fysiske skader​
  • Symptom etter psykisk vald​
  • Alvorlege trugslar​
  • Mistanke om seksuelle overgrep​
  • Barnet viser redsel for å gå heim​
  • Barnet blir henta av rusa foreldre, eller er heime med rusa foreldre​
  • Mistanke om nært føreståande / gjennomført kjønnslemlesting eller tvangsekteskap​
  • Barnet fortel om opplevingar det har hatt​

Varsla politiet så snart som råd.​
Varsla òg barneverntenesta/barnevernsvakta​Ved synlege skader, ta gjerne bilete. Vurder om barnet må til  lege for å sikre bevis.​

OBS: er det mistanke om vald og overgrep mot barn, skal IKKJE foreldre bli varsla.

Er du utsett for vald eller overgrep?

Du vurderer kanskje å bryte ut av ein valdelig relasjon, eller kanskje du allereie har gjort det og treng nokon å snakka med? Du kan ta direkte kontakt med kommunen sitt krisesentertilbod, utan henvisning eller timeavtale. Krisesentertilbodet er gratis og tilgjengeleg heile døgeret.

Krisesentertilbodet kan mellom anna tilby:

  • Støtte og praktisk hjelp
  • ​Råd og rettleiing
  • ​Hjelp til bearbeiding
  • Informasjon om rettigheiter og moglegheiter
  • Advokatbistand
  • Formidla kontakt med offentlege instansar
  • Mellombels butilbod i trygge omgjevnadar

Krisesentertilbodet har taushetsplikt!
Ta gjerne kontakt for ein uforpliktande samtale. Du kan vere anonym.


Krisesenter Vest: 53 41 12 12
Legevakt/overgrepsmottak: 116 117

Rettleiar til fornærma i straffesaker - utarbeidd av overgrep.no

Kva gjer eg ved mistanke om vald eller seksuelle overgrep mot barn?

-for deg som er nabo, forelder i klassen, besteforelder, speidarleiar, fotballtrenar eller har anna type relasjon til barnet

Kva gjer du?

  • Dersom du er uroa for eller trur at eit born blir utsett for vald eller seksuelle overgrep, ta kontakt med politiet eller barnevernet/barnevernsvakta.
  • Er du usikker kan du gjerne drøfte det anonymt med ei av desse tenestene først. Under finn du nokre tips for kva ein kan sjå etter, og korleis ein kan sjekke ut med eit barn. 
  • Når du har drøfta anonymt vil politi/barnevern gje deg råd om kva du bør gjera vidare, eller om dette er så alvorleg at du må melde frå.


Teikn ein kan sjå etter:

  • Sår og blåmerke, gjerne fleire stader på kroppen (på uvanlege plassar)
  • Brann og kuttskadar
  • Svimmelheit
  • Søvn- og/eller spiseproblem
  • Vondt i magen og/eller hovud
  • Uro og irritabilitet
  • Tristheit og tilbaketrekking
  • Utagerande eller "pleasande" åtferd
  • Reaksjonar ved berøring
  • Hyppige legebesøk og innlegging på sjukehus (med diffuse symptom)
  • Familien motset seg innsyn i familien
  • Sjølvskading
  • Bruk av rusmiddel
  • Dårleg tannhelse

Ver obs på «skjulte» bodskap

Spør:
Prøv å spørja om kva som har skjedd, medan du samstundes tek vare på barnet. Bruk barnet sine eigne ord, ver nysgjerrig og utforskande i spørsmåla. Det held at du avdekker - du treng ikkje la barnet gå inn på detaljar.

Start gjerne med:
-eg har lagt merke til at......

Beskriv deretter det du ser:
-du har ofte vondt i magen
-du verkar trøytt/trist
-du har blåmerke på armen

Tips:

  • Gjenta det barnet seier
  • Ikkje still leiande spørsmål – spørsmåla skal vera opne
  • Bruk støtteord som «hmm..», «ja, fortel», «fortel meir»
  • Spør gjerne fleire gonger – sei «eg er her» og «kom innom om du vil snakka med meg»
  • Avtal eit nytt møte med barnet
  • Bruk tid/pausar i samtalen

Avklar:
Eit barn kan brått fortelja om hendingar heime, til dømes i ei samlingsstund, i eit friminutt osb. Inviter då barnet til samtale:

  • «Då du sa det tidlegare i dag, kva meinte du då?»
  • «Eg har ikkje vore der, fortel så godt du kan»
  • «Kva skjer vidare då?»
  • «Du har fortalt meg om…»

Utvis aktsemd og ikkje spør for detaljert, det er politiet eller Statens barnehus som føretek avhøyr av barnet og ynskjer å vera den fyrste som spør barnet om detaljane. Få barnet til å fortelja ope!

  • Når barnet er ferdig med si forteljing, bekreft det barnet har sagt og tydeleggjer at det ho/han har sagt er viktig. Ikkje lov barnet at du ikkje skal sei det til nokon. Avklar med barnet at du må prata med nokon andre vaksne om det barnet har fortalt, bli samde om kva som kan bli sagt vidare, og korleis informasjon skal gå vidare til barnevernet og andre. Spør om barnet vil vera med på samtalane.

Kva gjer du?

  • Noter det som barnet har fortalt så ordrett som mogleg. Dokumentasjon er viktig, skriv «mor seier…», «barnet fortel..»
  • Du kan drøfta saka anonymt med konsultasjonsteamet, barnevern, krisesenter Vest eller politi

 

Kva gjer eg ved mistanke om vald og seksuelle overgrep mot barn (3) (002)_Side_1.pngKva gjer eg ved mistanke om vald og seksuelle overgrep mot barn (3) (002)_Side_2.png

Last ned tiltakskort her:
Kva gjer eg ved mistanke om vald eller seksuelle overgrep mot barn?
 

Kva gjer eg ved mistanke om vald eller seksuelle overgrep mot vaksne?

-for deg som er familiemedlem, ven, kollega eller nabo

Sjå:

  • Sår og blåmerke
  • Brann- og stikkskadar
  • Svimmelheit
  • Konsentrasjonsvanskar
  • Søvn- og eteforstyrringar
  • Uro og utagerande åtferd
  • Er unnvikande
  • Depresjon
  • Verkar irritabel
  • Endring i åtferd
  • Avtalar blir ofte endra
  • Personen vil ikkje ta imot hjelp som krev innsyn i familien
  • Partnar er ofte med til avtalar
  • Hyppige legebesøk med diffuse symptom
  • Reaksjonar ved berøring
  • Bruk av rusmiddel

Spør:

Prøv å få til ein dialog slikt av valden kan bli erkjent.
Start gjerne med:

  • Eg er bekymra

Skildra kva du ser:

  • Det verkar som du er ofte borte frå jobb
  • Du verkar sliten
  • Eg ser at du har eit blåmerke på armen

Fortsett med:

  • Dette gjeld kanskje ikkje deg, men mi erfaring er at mange som ikkje har det så greitt heime kan få slike plager. Kva tenkjer du om det?
  • Korleis har du det heime?

Tips:

  • Prøv å unngå å bruke ordet "vald"
  • Still opne spørsmål (ikkje leiande)
  • Lytt aktivt - sei H mm .. fortel meir om det. Beskriv, kva gjorde du? Kor var du? Korleis opplevde du dette?
  • Gjenta nøkkelord
  • Unngå vurderingar av det som har skjedd, som Oi, så forferdeleg!
  • Tilpass spørsmåla til alder og forståing

Avklar:

  • Korleis artar valden seg?
  • Slag, truslar, seksuell tvang
  • Lugging, brenning, audmjuking eller latterleggjering
  • Manglande råderett over eigne pengar
  • Blir nekta kontakt med familie og vener
  • Ting vedkomande er glad i blir øydelagde
  • Mishandling av kjæledyr
  • Tvangsekteskap

Kor alvorleg er valden?

  • Når skjedde dette sist?
  • Beskriv det som skjedde
  • Er du redd for at noko skal skje framover?
  • Er det fare for liv og helse for deg sjølv eller barna dine?
  • Har du tidlegare vore i kontakt med politiet eller krisesenter?

Risikofaktorar

Samlivsbrot, tidlegare valdsepisodar, tilgang til våpen, arbeidsløyse, økonomiske vanskar, sjukdom og rusavhengigheit kan bety auka risiko for grov vald og partnardrap. Politi og krisesenter bør kontaktast.

  • Be den valdsutsette skriva ned kva som har skjedd og skjer, kor og når det har skjedd
  • Informer den valdsutsette om kva du vil gjera med det du no har fått vita.

 

Tiltakskort vald og overgrep.png
Last ned tiltakskort:
​Kva gjer eg ved mistanke om vald eller seksuelle overgrep?

Konsultasjonsteamet for vald og seksuelle overgrep

Konsultasjonsteamet er eit låg terskel-tilbod til alle som har ei uro knytt til om eit barn kan vera utsett for vald eller seksuelle overgrep. Det er ønskeleg at dei som er usikre på korleis dei skal handsama uroa, tar kontakt for å bli trygga i vidare oppfølging av barnet/ungdommen. Det ligg statlige føringar bak opprettinga av konsultasjonsteamet, der målet er å fremja gode lokale samarbeidsformer i slike saker. Teamet kan gi råd, rettleiing og støtte i det som er vanskelege saker.

Les meir her

Kommunal rettleiar