• Kvifor vert kommunen vår kalla Kvinnherad?
  • Kvifor valde ein å byggje Halsnøy Kloster akkurat der det ligg i dag?
  • Kva skjedde eigentleg med baronen Rosenkrantz?
  • Og kvifor vart nokre av våre forferdre gravlagd i Skånevik og ikkje i Åkra då dei kom frå Baugstranda?
  • Korleis vart Sunde den fyrste industristaden i Kvinnherad?
  • Kva er eigentleg eit verv og kvifor er det viktig for Kvinnherad si historie å vete kva eit verv er?
  • Korleis klarte menneska å overleve på 1200-talet på Ænes, og korleis klarte ein å bygge naust, stølar og hus utan spikerpistol?

Svara på spørsmåla over er òg eit svar på kvifor ein kvinnhering er ein kvinnhering og kvifor vi føler ei tilknyting til bygda vår, til kommunen vår. Svar på kvifor nokre seier «me», medan andre seier «vi», nokre seier «tre», andre seier «tri». Svar på kvifor skipsverftindustrien, og seinare den marine industrien, står sterkt og kvifor det er høg kompetanse innan nettopp dette. Svar på korleis menneske klarte å overleve utan vasskraft, men òg kvifor det endra samfunnet drastisk då turbinane vart plassert i elvane.

Kulturminna er ein del av identiteten og historia til Kvinnherad og kvinnheringane. Ikkje berre for oss som lev i dag, men òg dei som kjem etter oss. Tenk å kunne samle kulturminna i kommunen og gje dei vidare til neste generasjon; sørge for at kulturminna vert teke vare på, og forhåpentleg blir med å skape identiteten til dei kommande generasjonane?

For å kunne samle alle kulturminna i kommunen; store og små, eldre og nyare, eksisterande og forsvunne, treng kommunen hjelp av dykk.

Kvinnherad kommune brukte gjestebod i samband med kommuneplan «Kvinnherad 2050» hausten 2019, og ynskjer å prøve gjestebod ut som ein måte å få til god medverknad òg i samband med utarbeiding av kommunedelplan for kulturminne. I Kvinnherad skal det haldast gjestebod dei neste vekene, og me håpar det vil bli stor breidde både med omsyn til tema og gjester. Kommunen ynskjer å få inn  meir kunnskap om korleis vi skal ta vare på kulturminne i kommunen vår, og korleis vi kan formidle dette til menneske no og i framtida.

Kan du tenkje deg å vere gjestebodsvert for kulturminne og halde gjestebod? Ein gjestebodvert tek initiativ til å samle inntil fem personar, gjerne via virtuelle møterom eller eit tur ute, og samtale kring kulturminne/kulturmiljø og fortelje om desse. Kva bør gjerast for å verne om desse kulturminna?

Les meir her: Informasjon_til_gjestebodsvertar-Kulturminneplan_april_2020

Gjestebodinnspel: Gjestebodskjema_kulturminne_april_2020

Innspel skal sendast til Kvinnherad kommune post@kvinnherad.kommune.no innan 15. juni 2020.

Vi ynskjer gjerne å få tilgang til bilete frå gjesteboda, for eksempel til bruk i presentasjon eller dokument. Om nokon har lyst til å bidra med bilete, tek me gjerne i mot. Hugs at det må vera avklara med alle personane på bilete for at me skal kunne nytte det.

Lukke til med gjestebodet!

Ta gjerne kontakt om du/de har spørsmål.