Kommunen vurderer om søknad om endring kan gjennomførast etter forenkla prosess etter vilkåra jf. pbl § 12-14:
> i liten grad vil påverke gjennomføringa av planen for øvre
> ikkje går utover hovedrammene i planen
> og heller ikkje råkar ved omsynet til viktige natur- og friluftsområde
For reguleringsplanar som ikkje er gjennomført etter 10 år er det eit generelt krav om å vurdere om planen i naudsynt grad er oppdatert etter lovverk, regionale og nasjonale føringar og ny kunnskap jf. pbl § 12-4.
Reguleringsplanar som er vedtatt etter bygningsloven av 1965 og plan- og bygningsloven av 1985, og som er definert som eldre reguleringsplanar, blir normalt ikkje endra etter forenkla prosess. Dette på grunnlag av nye lovreglar, teiknereglar, kunnskap og endra nasjonale og regionale interesser som skal leggjast til grunn for samfunnsutviklinga. Oppdatering av reguleringsplanar etter tidlegare lovverk er føresett gjennomført etter ordinær prosess jf. pbl § 12-12. Rundskriv H-6-17 og Startpakka for reguleringsplanar leggjast til grunn for vurderinga i den einskilde sak.
Krav til fagkunnig
Det er krav til fagkunnig ved utarbeiding av reguleringsplan jf. pbl 12-3.
Gebyr
Endring etter forenkla prosess er gebyrbelagt jamfør gjeldande gebyrregulativ.
Saksgang for endring etter forenkla prosess
1. Rettleiing
Fagkyndig tek kontakt med kommunen for rettleiing. Det kan gjennomførast rettleiingsmøte som innleiande kontakt med kommunen for å avklare planprosess og krav til søknad. Krav til søknad følgjer av Startspakka 2.2.
2. Innsending av søknad
Søknad om forenkla prosess sendast til post@kvinnherad.kommune.no eller gjennom e-dialog.
Råka partar skal varslast før innsending av søknad. Innkomne uttaler frå parter som er varsla skal leggjast ved søknaden.
Malar og sjekklister:
Mal for søknad om endring etter forenkla prosess
Nyttige lenker til startpakken finn du her.
Startpakka – Vedlegg H. Utforming av reguleringsføresegner
Startpakka – Vedlegg I. Digital planframstilling
Startpakka – Vedlegg K. Døme på teiknforklaring/tittelfelt - reguleringsendring
Startpakka – Vedlegg M. Sjekkliste for plankart
3. Handsaming av søknad
Etter at søknad er innsendt vert det gjennomført mottakskontroll. Planforslaget skal vere komplett krav til søknad (Startspakka 2.2) før ein kan starte sakshandsaming.
Dersom råka parter ikkje er vasla, må partane varslast før ein kan gå vidare i saka. Merknader skal sendast til kommunen.
Kommunen vurderar om endringa kan gjennomførast etter forenkla prosess jf. pbl § 12-14, eller om det må utarbeidast ny reguleringsplan etter ordinær prosess jf. pbl § 12-12.
4. Oppstartsmøte
Kommunen tek kontakt dersom det er trong for eit forenkla oppstartsmøte. Det kan vere aktuelt dersom det er tvil om saka kan handsamast etter forenkla prosess jf. pbl § 12-14.
Dersom det må utarbeidast reguleringsplan etter ordinær prosess jf. pbl § 12-12 må det gjennomførast oppstartsmøte gebyrlagt etter gjeldande gebyrregulativ.
5. Høyring
Dersom kommunen tilrår forenkla prosess, sender kommunen saka på høyring til røyrde mynde og eventuelt andre rettshavarar, jf. pbl §§ 12-14 og 1-9, før det kan fattast vedtak. Det er ikkje krav til offentleg ettersyn. Frist for uttale er normalt 3-4 veker.
Det er ikkje krav om kunngjering og varsel om oppstart. Dersom det er tvil om saka kan handsamast etter forenkla prosess, må ein varsle oppstart etter ordinær prosess i høyringa jf. pbl § 12-8. Det forutset at det er gjennomført oppstartsmøte. Det må framgå av varselet at kommunen vil vurdere forenkla behandling.
Føremålet med høyringa er å sikre tilstrekkeleg medverknad, slik at saka er så godt opplyst som mogleg før vedtak fattast jf. forvaltningslova (fvl).
Kopi av merknadar med forslagstillar sine kommentarar skal sendast til kommunen før førebuing til politisk handsaming.
6. Politisk handsaming
Plan-, teknikk-, og miljøutvalet har delegert mynde til å fatte vedtak om endring av reguleringsplan etter forenkla prosess jf. delegeringsreglementet for Kvinnherad kommune.
Møtekalender er tilgjengeleg her.
7. Kunngjering av vedtak
Kommunen kunngjer vedtaket i samsvar med pbl § 12-12.
8. Innsending av klage på vedtaket
Vedtak om endring etter forenkla prosess er eit enkeltvedtak som kan påklagast av partar i saka som har rettsleg klageinteresse jf. fvl §§ 28-36 og pbl § 1-9. Klagefrist er 3 veker jf. fvl § 29.
Klage på vedtak skal stilast til Statforvaltaren i Vestland, men sendast skrifteleg til kommunen. Klagen skal sendast til post@kvinnherad.kommune.no. Klagen skal innehalde informasjon om vedtak som påklages, og vidare begrunnast med forslag til endringar og vere undertegna av klager.
Før politisk handsaming av klagen skal tiltakshavar og eventuelle andre motpartar få oversendt klagen til uttale. Kommunen vurderer om klagen vert tatt til følgje eller ikkje, og om klagen får oppsetjande verknad. Klagen skal sendast til Statsforvaltaren som klageinstans for endeleg avgjerd.
9. Om innløysing og erstatning
Ein vedteken reguleringsplanen er bindande arealbruk og tiltak innanfor planområdet. Grunneigar har rett til å krevje innløysing jf. pbl § 15-2, og krav om erstatning for tap ved reguleringsplan jf. pbl § 15-3. Krav om erstatning for tap ved reguleringsplan må vere sett fram seinast 3 år etter denne kunngjeringa.