Ein reguleringsplan er ein meir detaljert arealplan enn til dømes arealdelen til kommuneplanen. Reguleringsplanen seier noko om bruk, vern og utforming av areal og fysiske omgjevnader i særskilte område i ein kommune. Ein reguleringsplan er òg i mange tilfeller naudsynt rettsgrunnlag for gjennomføring av tiltak og utbygging, medrekna ved eventuell oreigning (ekspropriasjon).

Ein reguleringsplan er samansett av eit plankart, føresegner og planforklaring. Det fins to typar reguleringsplan:

Områdereguleringsplan blir som regel utarbeida av kommunen der det er krav om områderegulering i KPA eller der det er trong for meir detaljerte, områdevise avklaringar av arealbruken, til dømes "Områdereguelringsplan for skuleområdet Husnes".  

Detaljreguleringsplan er ein plan for mindre område, og for bruk og vern av bygningar, uterom og anlegg. Detaljregulering er planforma for gjennomføring av utbyggingsprosjekter og tiltak, vernetiltak og sikring av ulike typar verdiar. Detaljregulering blir nytta for å gølgja opp KPA og eventulle krav fastsett i vedteken områderegulering. Private, tiltakshavarar, organinsasjonar og andre mynde har rett til å fremje forslag til detaljregulering.

Ei oversikt over reguleringsplanane i Kvinnherad kommune finn ein i planregisteret. Alle vedtekne reguleringsplanar ligg òg inne i karttenesta til kommunen.

Reguleringsplan

Døme på reguleringsplan. Kjelde: Kvinnherad kommune