Tiltakshavar kan fremja private detaljreguleringsplanar etter reglande i pbl § 12-3 med føremål om å følgje opp gjeldane kommuneplanens arealdel og eventuelle områdereguleringsplanar som gjev overordna rammer for samfunnsutviklinga i kommunen. Ein reguleringsplan frå planinitiativ til vedteken plan med naudsynt dokumentasjon til sakshandsaming og politisk handsaming skal utarbeidast av fagkunnig plankonsulent.

Startpakken med vedlegg er rettleiande for utarbeiding av reguleringsplan i Kvinnherad kommune. Gjeldane kommuneplanens arealdel er tilgjengeleg med føresegn og retningslinjer i planregisteret og som plankart i kommunekart.

Planprosessen:

Rettleiingsmøte: Tiltakshavar kan be om rettleiingsmøte frå kommunen dersom det det er trong for rettleiing tidleg i planprosessen før tinging av oppstartsmøte. Førespurnad om rettleiingsmøte kan sendast til post@kvinnherad.kommune.no.

Utarbeiding av planintaitv: Fagkunnig utarbeider planintiativ på vegne av tiltakshavar.

Tinging av oppstartsmøte: Tiltakshavar bed om oppstartsmøte gjennom å sende planintiativ og skjema for tinging av oppstartsmøte til kommunen (post@kvinnherad.kommune.no).

Før oppstartsmøte:  Sakshandsamar vurderer innsendt planinitiativ etter Forskrift om behandling av private forslag til detaljregulering etter plan- og bygningslova og sett opp tidspunkt for gjennomføring av oppstartsmøte. Planmynde kan også vurdere om planinitiativet ikkje bør fremjast i det vidare dersom det er i strid med overordna føringar for samfunnsutviklinga i kommunen. Gebyr for handsaming av reguleringsplanar er tilgjengeleg her. Oppstartsmøte vert fakturert etter at møtet er halde, til dei gebyrsatsane som gjeld på møtetidspunktet.

Oppstartsmøte: Oppstartsmøte vert gjennomført med planmynde i kommunen før planarbeidet kan setjast i gang. Føremålet med oppstartsmøte er å avklare føresetnader og rammar for det vidare planarbeidet tidleg i planprosessen. Kommunen sett opp tidspunkt og tek med relevant fagkompetanse som kan bidra med informasjon til tiltakshavar. Eit oppstartsmøte har ein varigheit på om lag 1-2 timar.

Etter oppstartsmøte: Kommunen sendar referat frå oppstartsmøte. Tiltakshavar sendar sosi-format med plangrense som vart diskutert og fastset på oppstartsmøte for kontroll hjå kommunen etter oppstartsmøte før det kan meldast oppstart av planarbeidet. Basiskart bestiller ein gjennom Infoland. Kommunen og tiltakshavar avtalar vidare dato for kunngjering av oppstart av planarbeid.

Oppstart av planarbeid: Forslagstillar skal alltid kunngjera ei melding om oppstart av planarbeidet i minst ei avis som er minneleg lest på staden, og gjennom elektroniske media. Registrerte grunneigarar og festarar i planområdet, og så vidt mogleg andre rettshavarar i planområdet og naboar til planområdet, skal når dei er direkte råka, på høveleg måte underrettast om oppstart av planarbeidet.

Kunngjeringsdokument skal sendast til kommunen for kontroll før kunngjering av oppstart.

Om planen utløyser krav om planprogram og konsekvensutgreiing (KU), skal framlegget til planprogram med utgreiingsprogram sendast på høyring og leggjast ut på offentleg ettersyn samstundes med oppstartsmeldinga. Framlegg til planprogram med mottekne merknader og kommentarar skal etter høyringa sendast til kommunen og kommunen skal fastsetja programmet før planframlegget vert utgreidd.

Handsaming av innspel: Tiltakshavar er mottakar innspel i samband med oppstart, og skal kommentere innspel i eit merknadskjema og innarbeide innspel i planforslaget. Innkomne merknader og merknadskjema skal sendast til kommunen. Kopi av innspel/merknader skal òg leggjast ved plandokumenta ved innlevering av planforslaget.

Om ein ynskjer, kan ein alltid kontakte den som fremjar planforslaget og sakshandsamaren i kommune for å få svar på det ein lurer på undervegs. Ein kan sende inn formelle innspel ved to tidspunkt i prosessen:

  • Når varsel om oppstart av planen blir annonsert (i aviser, kommunen si heimeside, brev til berørte partar)
  • Når forslaget til planen blir lagt ut til offentleg ettersyn og høyring.

Undervegsmøte: Det kan vere trong for undervegsmøte i planprosessen. Kommunen bed gjerne om undervegsmøte for gjennomgåing av innspel ved oppstart av planprosessen og etter høyring og offentleg ettersyn med føremål om å gjennomgå korleis merknadene vert vurdert i planforslaget. Det er også ønskeleg med ein dialog med fagkunnig om planframlegget før ferdigstilling.

Oversending av framlegg til plankart, føresegner og planomtale: Når planframlegget er klart frå forslagstillar si side, skal det oversendast komplett med alle tilhøyrande filer. Det er viktig at alle dokumenta er merka korrekt med rett dato, planID og liknande.

Gjennomgang av planframlegget: Kommunen går igjennom planframlegget teknisk og innhaldsmessig. Om kommunen har merknader, innarbeider forslagstillar justeringar i plandokumenta. Justert planframlegg vert oversendt kommunen: Hugs revisjonsdato på alle dokument som er endra.

Saka vert lagt fram til politisk handsaming 1. gong (pbl. § 12-11): Administrasjonen førebur saka for handsaming. Saka med alle vedlegg skal vera ferdig frå administrasjon og oversendast til møtesekretæren 14 dagar før møtedato.

Kommunen gjer evt. politisk vedtak om utlegging til offentleg ettersyn: Om det ikkje vert gjort vedtak om endringar i planframlegget eller berre vert gjort mindre opprettingar, er saka klar for utlegging til offentleg ettersyn. Om kommunen vedtek å gjera vesentlege endringar i planframlegget, kan det vere aktuelt å sende planframlegget attende til forslagstillar før det vert gjort vedtak om utlegging til offentleg ettersyn. Kommunen kan avslå å leggja planframlegget ut til offentleg ettersyn. Dette skal i så fall grunngjevast og planframlegget kan då i visse høve krevjast lagt fram for kommunestyret (pbl. § 12-11).  

Offentleg ettersyn (pbl. § 12-10): Kommunen sørgjer for å leggje planframlegget ut til offentleg ettersyn og å senda det på høyring til registrerte grunneigarar, festarar, og så vidt moglege andre rettshavarar i planområdet, samt naboar til planområdet, når dei er direkte råka. Brev til høyringsinstansane med orientering om høyringsfrist vert sendt ut saman med plandokumenta. Høyringsfristen er minimum 6 veker, og ved større saker kan fristen vere lengre. Planframlegget vert kunngjort i lokalavis og på kommunen si nettside.

Gjennomarbeiding etter offentleg ettersyn: Etter gjennomgangen av innkomne merknader, skal plandokumenta eventuelt rettast opp og i samarbeid med forslagstillar tek kommunen stilling til kva eventuelle endringar som skal gjerast. Planframlegget må leggjast ut på nytt offentleg ettersyn og sendast på ny høyring om det vert gjort vesentlege endringar. Avgrensa høyring til dei som er direkte råka av endringane kan vera aktuelt om det er mindre endringar.

Endeleg planframlegg vert sendt kommunen: Planframlegget må rettast opp før 2. gongs handsaming. Planen vert fyrst teken opp til 2. gongs handsaming når datasettet sitt innhald er i høve til nasjonal produktspesifikasjon for arealplan og digitalt planregister.

Politisk handsaming 2. gang - innstilling til kommunestyret (pbl. § 12-12): Kommunen si innstilling vert lagt fram for kommunestyret for endeleg vedtak. Mindre reguleringsplanar og mindre reguleringsendringar kan i visse høve vedtakast på ein enklare måte avhengig av kommunen sitt delegasjonsreglement.

Vedtak i kommunestyret (pbl § 12-12): Kommunestyret vedtek reguleringsplanen i medhald av pbl. § 12-12. Om kommunestyret ikkje er samd i innstillinga, er hovudregelen at planen skal sendast attende for ny innstilling med retningsliner for det vidare arbeidet. 

Kunngjering av vedteken plan (pbl. § 12-12): kommunen underrettar per brev om vedteken plan til registrerte grunneigarar, festarar, og så vidt mogleg andre rettshavarar i planområdet, samt naboar til planområdet når dei vert direkte råka. Kommunen underrettar per brev om vedteken plan til Statsforvaltaren, fylkeskommunen og andre statlege eller fylkeskommunale instansar. Melding om vedteken plan vert kunngjort i lokalavisa og på kommunen si nettside. Når klagefristen er ute og det ikkje er kome klage, skal planen arkiverast i kommunen sitt planarkiv og digitale planregister

Klage: Ein eventuell klage på vedteken reguleringsplan skal sendast til kommunen. Administrasjonen førebur klagesaka for politisk handsaming. Kommunen kan ta klagen til følgje, eventuelt vert klagen oversendt Statsforvaltaren for endeleg avgjerd.

Utbyggingsavtale: Dersom det skal inngås utbyggingsavtale mellom partane for gjennomføring av reguleringsplan gjeld reglande i pbl kapittel 17 med lovkrav til sakshandsaming og medverknad. Det kan ikkje inngå bindande utbyggingsavtale før reguleringsplanen er vedteken jf. pbl § 17-4. Avtaleforhandlingane kan såleis føregå parallelt med planprosessen.