Om skulen
Skulen er den største ungdomsskulen i Kvinnherad med 233 elevar og 38 tilsette. Ungdomsskulen ligg like ved aktivitetsparken Lunden, idrettsanlegg, helsesenter, barneskule og vidaregåande skule, og rett under Kaldestadåsen.
Like utanfor døra har skulen tilgang til bordtennisbord, sandbane, Tuftepark, kunstgrasbane og aktivitetspark. I tillegg har vi flott utsikt til Opsangervatnet og Husnesfjella.
Visjonen for Husnes ungdomsskule er at skulen skal vera ein arena for læring og trivsel. Målet er å skapa eit opplæringstilbod som gjer at elevane kan kome lengst mogleg utifrå sine føresetnader både fagleg og sosialt.