Om skulen

Ein god stad å være, ein god stad å lære.

Hatlestrand barne- og ungdomsskule er ein del av Hatlestrand oppvekstområde som omfattar Hatlestrand barnehage, Varaldsøy barnehage, Ølve barnehage. Skulen er ein barne- og ungdomsskule og har i skuleåret 2022/2023 57 elevar og 14 tilsette. Skulen tar i mot elevar frå Ølve, Varaldsøy og Hatlestrand.

Skulen arbeider for eit godt læring- og skulemiljø, og har eit godt samarbeid med foreldre og andre aktørar i lokalmiljøet.

Hatlestrand barne- og ungdomsskule ligg på Gjermundshamn. Skulen ligg fint til og er skjerma frå hovudvegen. Skuleområdet er flott opparbeida av nærmiljøgruppa på Hatlestrand og inneheld bl.a. fotballbinge, fotballbane, ute-sjakk, bordtennisbord, tennisbane, sandvolleyballbane og løpebane.