Om skulen

Sunde skule – med vind i segla

Skulen ligg på Sunde med utsikt mot sjø og fjell og med kort avstand til strand og skog. Noko som gir oss ein vid læringsarena då disse ressursane vert mykje brukt både til leik og undervisning.

Sunde har ein lang historie når det kjem til alt som omfattar kystkultur, noko skulen og har stort fokus på. Elevane er med ut i båt, padlar kano, trekkjer garn, lagar mat av det dei får, lærer om det som lever i sjøen og om historia til bydga dei bur i. Dette får me til i samarbeid med Sunde Kyst og Litteratursenter.

Me vil at kvar elev skal bli den beste utgåva av seg sjølv!