Du kan få utbetalt 1000 kroner i vrakpant når du leverer din kasserte fritidsbåt til eit lovleg avfallsmottak.

Kasserte fritidsbåtar kan innehalde delar og materiale som kan skade miljøet. I tillegg kan det vere farlege stoff i båten, til dømes frå botnstoff i skrog. Dei fleste fritidsbåtar i Noreg er laga av ei blanding av materialar, til dømes glasfiber som inneheld mellom anna plast. Dumping av slike båtar i havet vil føre til nedbryting, som over tid fører til mikroplast i havet. Fritidsbåtar som blir forlatne i naturen eller senka ulovleg bidrar til forsøpling og lokal forureining.

Ved å samle inn og behandle båtar som skal kasserast, hindrar vi at menneske og natur blir eksponerte for farlege miljøgifter og mikroplast frå båtar som blir etterlatne. I tillegg vil materialgjenvinning og energiutnytting av båtane gi reduserte klimagassutslepp og andre positive miljøeffektar.

Fritidsbåtar opp til 49,21 fot (15 meter) kan leverast

Tilskotsordninga omfattar båtar som er brukte til sports- og fritidsbruk med skroglengde inntil 49,21 fot (15 meter). Dette inkluderer òg mindre fartøy som kajakk, kano, seglbrett, gummibåt med skrog og liknande. Båtar brukt til næringsverksemd fell ikkje inn under ordninga.

Alle kommunar skal ha mottak for fritidsbåtar under 15 fot

Små fritidsbåtar, inkludert mindre fartøy, kan leverast til kommunen sitt mottak. Her kan òg mindre fartøy leverast. Større båtar og båtvrak på inntil 49,21 fot (15 meter) kan berre takast imot av enkelte avfallsmottak.

Det næraste mottaket ditt for fritidsbåtar finn du på Sortere.no. Her får du eit kart over dei ulike mottaka og kva båttypar og -storleikar dei tar imot.

Framgangsmåte for å få utbetalt vrakpant og meir informasjon om ordninga finn du på Miljødirektoratet sine sider.