Husneshallen var onsdag proppfull med elevar frå ungdomskule og vidaregåande skule. Dei vart møtt av tilsvarande raust utval av utstillarar med standar, der elevane kunne gjera seg med kjente med yrkesretta tilbod. 

Kvinnherad kommune har eit mål om å ha 26 lærlingar under opplæring til ei kvar tid. Éin av dei er Szymon Jachacy (19) frå Husnes, som er lærling ved IT-avdelinga. Der har dei mål om å ha ein ny lærling i året.

– Eg har laga presentasjonen, forklarte han om informasjonen som snurra på skjermen på staden. 

122 personar hadde svart på Kvinnherad kommune sin quiz, og derav var det 20 som hadde alle svara rett. Av dei trekte ein ut éin vinnar, som vart Sofia Handeland frå 10. klasse ved Husnes ungdomsskule.

Szymon var på plass som ein dela av standen til Kvinnherad kommune, der Szymon snakka med ungdommane, saman med Siri Rusten og Yngvar Skarveland, som begge jobbar med rekruttering for kommunen. 

– Me er her for å visa oss fram, slo dei fast. 

Kvinnherad kommune har lærlingar innan IT, Helse & omsorg, Byggdrift og Barne- & ungdomsarbeidet. 

Øyvind Ousdal (t.v.), Thomas Hallquist og Are Blokhus frå Kvinnherad brann og redning hadde stand under Yrkesmessa. 

Brann og redning hadde også stand i Husneshallen.

– Me har ikkje lærlingar, men har behov for å rekruttera til branntroppane våre, og så framsnakkar me dei ulike utdanningsvegane ein kan gå for å jobba i brann og redning, fortalte brannsjef Øyvind Ousdal.