Kvinnherad kommune søkjer no etter vaksne arbeidssøkjande menn som vil få tilbod om ein unik moglegheit til å ta fagbrev som helsefagarbeidar gjennom Menn i helse.
Utdanninga er komprimert og tilrettelagt for arbeidssøkjande menn i alderen 25 – 55+. Deltakarane får tittelen helserekruttar og under utdanninga vert det veksla mellom å få yting frå NAV og løn frå kommunen.
Påmelding til informasjonsmøte
Ta sjansen å bli med på eit uforpliktande informasjonsmøte der det ver gjeve informasjon om Menn i helse, utdanninga, økonomi og jobbmoglegheitene- Helserekruttar frå tidlegare kull er òg til stades og vil dela sine erfaringar og anbefalingar.
I etterkant av møtet vil det bli gjennomført intervju. Etter intervju vil eigna og motiverte kandidatar får tilbod om ein 12 vekers praksisperiode som helserekrutt på sjukeheim eller tilsvarande. Deretter er det sommarjobb og vidare utdanningsløp fram mo fagbrev som helsefagarbeidar.
Tid og stad: 08.02.24 kl. 12-14. Nav Stord, Bandadaksplassen 5, 5417 Stord
Meld deg på her: Haugaland og Sunnhordland - Menn i helse
Er du vår neste mann? Grip sjansen!
Kjenner du nokon som fortener denne moglegheita? Tips dei om Menn i helse.
Har du spørsmål om Menn i helse?
Ta kontakt med fylkeskoordinator: Øystein Johannessen
Tlf: 90 23 49 19