Frå den storslåtte opninga av Salmon Eye på rådhusplassen i Rosendal i 2022. Foto: Kvinnherad kommune
I går fekk restauranten Iris på Salmon Eye utdelt ei Michelin-stjerne, og sjefskokk Anika Madsen vart kåra til årets unge kokk.
Den presistefylte prisutdelinga gjekk føre seg i Helsinki , der Iris-leiinga deltok. Totalt fekk Noreg fem nye stjerner.
Kvinnherad vart såleis omtala i mange av landets aviser og media i går, og tidlegare statsminister Erna Solberg publiserte ein lengre hyllest til restauranten på Facebooksida si.