I medhald av plan- og bygningsloven § 12-8 vert det varsla oppstart av detaljregulering for Steinparken – Rosendal – 85/4,2 med fleire, PlanID 20230003. Byggadministrasjonen Harald Bjørndal AS meldar oppstart av planarbeid på vegne av Rosendalstiftinga. Planområdet på om lag 30,5 daa ligg langs Melselva, og utgjer ein del av den samanhengande blågrøne strukturen i Rosendal. Planarbeidet har som føremål å leggje til rette for vidare utvikling av Steinparken. Steinparken skal vere tilgjengeleg for ålmenn bruk, og er ei viktig innfallsport til natur- og friluftsområda.

Kommunekart

Detaljregulering for Steinparken

Planstatus: Oppstart

Frist for innspel: 29.08.2024

Saksnummer: 2023/2617

Plantype: Privat detaljregulering

PlanID: 20230006

Forslagstillar: Rosendalstiftinga

Plankonsulent: Byggadministrasjonen Harald Bjørndal AS

 

Planintiativ og andre plandokument er tilgjengeleg i planregistetet.

 

Føremål

Steinparken er eit viktig tilrettelagt friluftsområde for allmenn bruk, rekreasjon, aktivitet og formidling av natur- og kulturhistorie, og inngår i den samanhengande blå grøne strukturen i Rosendal. Planarbeidet har som føremål å leggje til rette for vidare utvikling av Steinparken for ålmenta der ein ivaretek natur- og kulturverdiane på staden, Det er eit målsetnad å leggje til rette for ein heilskapleg utvikling av Steinparken, som samstundes opnar for nye tiltak innanfor planområde som kan bidra til auka verdiskaping og oppleving. Det inneber også at korleis nye tiltak verkar inn på allmenn bruk og naturen må vurderast i planprosessen. Planarbeidet utløysar behov for å leggje til rette for til dømes parkering og renovasjon.

Forslagsstillar har som føremål å regulere for eksisterande og følgjande nye tiltak innanfor planområdet:

  • Tretopphytter for besøkande med opplevingar som stjernetitting, fugleobservasjonar og overnatting.
  • Bygning med arkiv og lager som tilleggsbygg for eksisterande bygning
  • Bygning med aktivitetsrom for kortare utleige
  • Etablering av område for utgraving av fossil
  • Balanseløype
  • Utvida bruk av eksisterande bygning til aktivitetar, overnatting, opphaldsrom og liknande
  • Etablering av basseng og badstue med garderobefailitetar
  • Hengebru over Melsevla

 

Les meir i planintiativet tilgjengeleg i planregistetet.

Planstatus

I gjeldande kommuneplan for Kvinnherad 2018-2026 er planområdet avsett som landbruks-, natur- og friluftsområde (LNF) med omsynsone for bevaring av naturmiljø (H560). Planområdet inkluderer også elva avsett som bruk og vern av sjø og vassdrag med tilhøyrande standsone (VN247). I tillegg er delar av eigedom 82/11, 82/19 85/4/1 ved Vangssago avsett som offentleg eller privat tenesteytring. Planområde er også omfatta av båndleggingssone for høgspent (H740) og flaumsone (H320). Det er naudsynt å utarbeide detaljregulering for å kunne tilrettelegge for framtidige tiltak i Steinparken, på grunnlag av at kommuneplanen ikkje opnar for tiltak som er i strid med arealføremålet for planområdet.

ROS-analyse og konsekvensutgreiing

Det skal utarbeidast ROS-analyse jf. plan- og bygningslova § 4-3 for tema som friluftsliv, rekreasjon, trafikktryggleik, skred, flaum og naturmangfald. I samband med oppstart av planarbeidet vert tema for ROS-analyse vurdert nærmare.

Det er vurdert at planarbeidet ikkje utløyser krav om konsekvensutgreiing jf. Forskrift om konsekvensutredninger. Vurderinga som ligg til grunn er tilgjengeleg i planintiativet tilgjengeleg i planregisteret. Konsekvensar planforslaget medfører skal vurderast i planomtalen.

Medverknad

Informasjonsmøte om planarbeidet vert halde i Steinparken 21.08.2024 kl. 17:00. Føremålet med informasjonsmøtet er å få informasjon om planarbeidet, og ein kan kome med spørsmål eller innspel.

Påmelding sendast på e-post til petter@byggadmin.no.

Har du innspel til oppstart av planarbeidet?

Innspel sendast skrifteleg på e-post til post@byggadmin.no eller som brev til Byggadministrasjonen Harald Bjørndal AS, Postboks 103, 5649 Eikelandsosen, innan 29.08.2024.

Ta kontakt med Petter E.T. Flotve ved spørsmål på e-post petter@byggadmin.no eller på telefon 95795230.

I det vidare planarbeidet vert skriftlege innspel gjennomgått med kommunen etter innspelsfristen. Deretter utarbeidar Byggadministrasjonen Harald Bjørndal AS eit planforslag vegne av Rosendalstiftinga for 1. gongsbehandling med påfølgjande høyring og offentleg ettersyn. Som innbyggjar har du moglegheit til å påverke eit planforslag ved å sende inn innspel ved oppstart av planarbeid, og vidare sende inn merknad ved høyring og offentleg ettersyn når planframlegget er politisk behandla. Les meir om planprosessen her.