Gruppa gjev råd og rettleiing til personar med funksjonsnedsetting, som ynskjer å bu heime og som har trong for tilrettelegging av bustaden sin. 

Tilbodet er gratis.

Vi kjem på heimebesøk og alt etter problemstilling diskuterer vi moglege løysingar med deg. Vi kan også hjelpe med søknadar om ymse tilskot og støtteordningar eller søknadar om hjelpemiddel til heimen. Når det er naudsynt kontaktar vi entreprenørar, arkitektar eller NAV Hjelpemiddelsentral. 

Gruppa har teieplikt og ingenting vert diskutert i gruppa utan at du har gjeve klarsignal.

Vi har faste møte kvar månad.

Dersom du ynskjer kontakt med Bustadrådgjevingsgruppa, anten for å diskutere løysingar du sjølv har tenkt på, eller du ynskjer at vi skal sjå på heimen din i lag med deg, kan du kontakte Ergo- og fysioterapitenesta v/Miann Eylegar 91 37 97 49. Du kan òg kontakte ein av dei andre ergoterapeutane i kommunen