Feiing og tilsyn med fyringsanlegg

Etter å ha motteke varsel om feiing pliktar eigar av fyringsanlegg å legge til rette for at feiaren kan utføre arbeidet sitt på ein trygg og effektiv måte. Arbeidsmiljølova gjeld også for feiaren!

Tilsyn med fyringsanlegget er ein god måte å få kontrollert om omnar og skorsteinar er i trygg stand.

-Der feiaren må opp på taket av eit bygg skal feiaren kunne ferdast sikkert opp til og på taket utan å forårsake skade. - Dersom det er behov for laus stige for å komme opp på taket, skal ei egna stige plasserast på lett tilgjengelig stad. Av hensyn til tryggleiken til td. leikande born bør stigen ikkje settjast opp til taket, men leggjast ved husveggen. Det er ikkje tilstrekkeleg at eigar viser til at stige ligg i kjellar, garasje, eller liknande. - Dersom feiing ikkje skjer frå tak, skal eigar sørge for at feiaren har tilgang til røykkanal. - Eigar skal sørge for at feiaren har tilfredsstillande tilgjenge til sotluke eller tilsvarande egna innretning for å fjerna sot.

Innsamling av dokumentasjon - nytt system

Brannførebyggande avdeling har lagt ein plan for arbeidet som skal utførast for å stetta krava gitt i gjeldane forskrift om brannførebygging. Førebyggande avdeling vil med dette informera om kvifor og korleis det er planlagt å jobba for stetta krava.

For at ein skal kunne tilfredsstille krava gitt i Forskrift om brannforebygging som seiar at både hyppigheit og gjennomføring av feiing og bustadtilsyn skal være risikobasert er ein avhengig å samla inn rett dokumentasjon. For å letta innsamling av dokumentasjon og for å eit godt system for å bearbeida innsamla data gjekk ein til innkjøp av fagsystemet Cubit i 2020. Ein har fått opplæring i bruken og ein har fått testa programmet slik at ein no er klar til å legga inn dokumentasjon i programmet.

Feiarane starta på ein to årsplan kor ein hadde som hensikt å komma igjennom alle bustadhus i kommunen og samla inn den informasjonen som er naudsynt. Grunna uforutsette hendingar som: COVID, sjukemeldingar og foreldrepermisjon har ein ikkje klart å gjennomføra runden i kommunen innan for dei to åra som var avsett. Ein har no starta med bustadtilsyn kor ein gjer ei vurdering på om feiing er naudsynt. Visst ein finn at feiing er naudsynt vil ein avtal et feiar kjem tilbake å utførar feiing. Tilsynet elles vil ha fokus på dei brannførebyggande tiltaka ein som eigar bør/skal ha orden på.

Når ein har vore igjennom heile kommunen så vil ein kunne utføra ein ROS-analyse etter bestemte kriterar, som seier kor ofte feiing og bustadtilsyn skal utførast for det enkelte fyringsanlegg. Når ein har fått dette på plass så vil ein gjera det same med fritidsbustader som etter gjeldane forskrift har fått same krav som bustadhus.

Vi ber om at førespurnader som går på feiing og bustadtilsyn blir vidaresendt til Kvinnherad brann og redning v/førebyggande avdeling.

Feiar kan nåast på telefon (fredag mellom kl 0800-1000) eller e-post. Legg igjen namn, adresse og telefonnummer så tek dei kontakt ved høve.