Har du opplevd dette og ynskjer å bli meir aktiv i eige liv?
baking.jpg

Kvardagsrehabilitering er tidsavgrensa rehabilitering som skjer heime hos deg og i ditt nærmiljø. 

Korleis går dette føre seg?

  • Du vil få besøk av nokon frå ergo/fysioterapitenesta og evt. sjukepleiar som kartlegg dine ressursar og  utfordringar.
  • I samarbeid med deg vert det utarbeida mål med fokus på kva DU synes er viktig å meistre i din kvardag.
  • Det vil bli laga ein rehabiliteringsplan for vekene framover. Du får så besøk av heimetrenarar  frå heimetenesta som følgjer deg opp for at du skal få  gjennomføre planen din.

Ei forutsetning for at det skal bli ei vellykka rehabilitering, er at du som mottakar av tenesta er motivert til å gjere ein innsats for å kunne bli meir aktiv i eige liv.