Kven får tildelt omsorgsstønad

Omsorgsstønad er ei kommunal betaling til personar som har eit særleg tyngande omsorgsarbeid. Bakgrunnen kan vera tenestemottakarar med stort omsorgsbehov på grunn av alder, funksjonshemming, sjukdom eller andre årsaker.
For å kunna få omsorgsstønad er der ein føresetnad at omsorgs­arbeidet går føre seg i eigen heim. Omsorgsstønad kan bli gitt i staden for, eller saman med offentleg tenesteyting. Omsorgsstønad kan bli gitt der kommunen ser at privat omsorg er best eigna.

For barn må omsorga klart overstige vanleg omsorg for barn på same alder.

Desse punkta er med i vurderinga av særleg tyngande omsorgsarbeid (alle punkt må ikkje vera oppfylt):

  • strekka seg over eit stort timetal pr. månad
  • vera meir fysisk og/eller psykisk belastande enn vanleg
  • innehalda mykje nattarbeid eller avbryting av nattesøvn
  • har vart eller er forventa å vare i lang tid
  • ført til sosial isolasjon eller mangel på ferie og fritid
  • omsorgsytar har ansvar for meir enn ein person
  • omsorgsytar har omsorgsplikt (det er berre vaksne med barn under 18 år som har omsorgsplikt)

 

Praktiske opplysningar

  • Inntektstap gjev ikkje automatisk rett på omsorgsstønad.
  • Tenestemottakar må støtte omsorgsytar sin søknad om omsorgsstønad. -Begge partar har rett til å søkje om denne stønaden.
  • Tenestemottakar må bu heime, og det må vera søkt hjelpestønad frå NAV.

Stønaden vert gitt der kommunen elles ville hatt vedtak på heimesjukepleie, eller andre kommunale tenester.

Omsorgsstønad er ei skattepliktig inntekt.