Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Fråvær

Denne rettleiaren for Kvinnherad kommune tek i nokon grad utgangspunkt i vegleiaren «Hver dag teller» frå Nittedal kommune, oppdatert versjon 2022. Teoridelen er omsett direkte frå planen til Nittedal med løyve frå dei. Vidare er grunnlaget lagt gjennom arbeidet til ei arbeidsgruppe skuleåret 2022/23, og kvalitetssikra i leiarmøtet for sektor Oppvekst i Kvinnherad våren 2023

I Kvinnherad kommune skal bruk av BTI-modellen (Betre Tverrfagleg Innsats) sikre at barn og unge får rett hjelp til rett tid, opplev å bli involvert/høyrde og at kommunale tenester samarbeider og samordnar tiltak.

I BTI-rettleiaren skildrar nivå 0 og 1 det arbeidet som skjer, i samarbeid med foreldre og barn/unge, internt i barnehagar og skular. På nivå 2 og 3 er det etablert samarbeid med andre kommunale tenester for å løyse utfordringa.

I den praktiske delen av planen har vi og prøvd å skilje mellom universelle tiltak; det som gjeld alle, selektive tiltak; det som gjeld risikoutsette grupper, og indikative tiltak; det som gjeld eit barn særskilt. BTI-tankegangen er best synleg når vi snakkar om indikative tiltak.

Vi har òg valt å dele i ein barnehagedel og ein skuledel.