Alle som er råka av brystkreft, kan nytta seg av tilbodet. Å vera likeperson i Brystkreftforeningen er eit frivillig, ubetalt verv for å hjelpa andre. Alle likepersonar i Brystkreftforeningen har teieplikt.
Ein likeperson har tid til å lytta og vil ta deg på alvor. Ein likeperson har føresetnad til å forstå situasjonen din. Brystkreftforeininga har likepersonar i ulike aldrar. Vi har òg likepersonar med metastatisk brystkreft, arveleg brystkreft eller som er pårørande. I Kvinnherad har vi lokale likepersonar som du finn på denne sida.
Treng du nokon å snakka med?
Ein likeperson i Brystkreftforeningen har sjølv erfaring med brystkreft. Denne erfaringa kan vera til hjelp for deg som opplev å få brystkreft tett på livet, anten det er som diagnostisert, pårørande eller om du grunna arv har auka risiko for sjukdomen.