Trea har blitt riktig vaksne og det er aukande fare for at trea kan gjere skade på bygningar. Det vert gjort avtalar med naboar om tilkomstveg, og det vil bli sett opp sperreband, som då indikerer at ferdsel på anleggsområdet ikkje er tillat. Vaage skog AS og Steinar Haugland ber om at dette vert respektert. Bøketrea på tomta skal ikkje fellast – dei skal pleiast av arborist, og dette vil skje noko seinare i vinter. Arbeidet med trea er sett i gang etter råd frå innleigd arborist.

Arbeidet er venta utført innan 1. april 2024, men ver og føre vil venteleg avgjere framdrifta. 

Straum er kopla frå bygninga, og gjerdet skal midlertidig takast ned. Kvinnherad kommune vil kome attende med informasjon når skulemuseet igjen kan vere tilgjengeleg for omvising. 

Ein del av lerketrea som fellast skal nyttast til restaurering av slåket til kverna på Rødtunet, noko dugnadsgruppa i Uskedalen har tatt initiativ til.