Vi minner om at tre og greiner som veks inn over vegen sitt eigedomsområde, medrekna fortau, må fjernast gjennom heile året. Om grunneigar ikkje utfører arbeidet sjølv, vil vegetasjonen verta fjerna maskinelt av Kvinnherad kommune.
Tre-, busk- og krattrydding
Eining for veg og park jobbar kontinuerleg med rydding av vegetasjon langs dei kommunale vegane i Kvinnherad for å betra sikta langs vegar, fortau, gang- og sykkelvegar og i kurvar og kryss.