Høge buskar ved avkøyrsler eller store greiner som heng ut i vegkryss kan gjera det svært uoversiktleg for bilistar, syklistar og gåande. Dette er eit aukande problem i sommarmånadane.

Trafikantane mistar ikkje berre sikt, men kan også gå glipp av viktig informasjon når skilt langs vegane vert skjulte av grøne buskvekstar.

Ein lovpålagt klipp
Folk som bur langs trafikkerte vegar må klippa hekkar og buskar på eigedomane sine, av omsyn til eigen og andre sin tryggleik. 

– I desse dagar startar barna på skulen igjen og vi ynskjer at flest mogleg skal gå og sykla der det høver seg. Då må det leggast til rette for at det kan skje på ein sikker måte. Barna må vere synlege langs vegane, seier regionleiar i Trygg Trafikk Vestland, Knut Olav Røssland Nestås. 

Å syta for fri sikt er så viktig at ansvarstilhøva er nedfelt i veglova. Det er du som bur ved vegen som er ansvarleg for å klippa hekk og buskar på eigedomen din. Det skal vera god sikt ved vegkryss og ved avkøyrsla. Mange bilistar må også kryssa gang- og sykkelvegar for å køyra ut på vegen. Då må dei lett kunna sjå både små og store trafikantar.

Berre ein halv meter
Når du står tre meter inn i avkøyrsla di skal du ha minst 30 meter fri sikt i kvar retning langs gang- og sykkelvegen, ifølge lova. Hekk og gjerde skal heller ikkje vera høgare enn 50 centimeter ved avkøyrsla. Om avkøyrsla munnar ut i ein veg med fartsgrense 50 km/t, må det vera fire meter fri sikt inn og 45 meter til kvar side når du står inne i avkøyrsla di, ifølgje Statens vegvesen si temaside om vegetasjonsrydding og ein brosjyre om temaet som du kan lesa her 

– Det her gjeld mange stader i distriktet vårt. Mange er nok ikkje klar over dette,  no må vi saman ta eit tak for å sikra best mogleg sikt og trafikktryggleik før skulestart, avsluttar Nestås. 

Trygg Trafikk er opptekne av at skulevegane skal vere så trygge som mogleg og vonar oppmodinga vert teken vel imot.

Regionleiar Knut Olav Røssland Nestås

Kontaktperson:
Regionleiar Knut Olav Røssland Nestås, telefon 41206132  
e-post: nestas@tryggtrafikk.no