Anna Geismann er på Uskedalen skule, Cael Klein er på Omvikdalen skule og Hai Soe, Ridwan Abdi og Caden Greening er på Rosendal ungdomsskule. Denne praksisen er den siste studentane har før dei er ferdig utdanna som lærarar i USA. Dei er her i åtte veker, så elevane våre får god trening i å prata engelsk og får læra om ein annan kultur enn vår eigen.