Oppgraderinga inngår i trinn tre i områdeplan for Bergensområdet og Haugalandet, og vil styrkja forsyningssikkerheita, leggja til rette for ny kraftproduksjon og gje auka kapasitet i nettet mellom regionane.

Naudsynt med sterkare straumnett
Oppgradering til 420 kV mellom Blåfalli og Samnanger via Mauranger inngår i oppgraderinga frå Sauda til Samnanger. Fornyinga av nettet mellom Blåfalli og Samnanger legg mellom anna til rette for auka kraftproduksjon i Mauranger. Kraftleidningen vil bli om lag 90 kilometer, avhengig av kva alternativ som blir valt. Det er òg behov for ny 420 kV transformatorstasjon i Mauranger.

I Rosendal melder Statnett både luftleidning og jordkabel forbi Baroniet. Jordkabelalternativet har ei lengde på om lag éin kilometer, og vil i hovudsak bestå av kablar i jord, samt muffestasjonar i kvar endre der ein koplar jordkablane og luftleidninga saman. Sjøkabelalternativ er gjort greie for, men der er ikkje funne grunnlag for å gå vidare med dette alternativet.

I Mauranger melder Statnett eit alternativ som inneber at fjordkryssinga over Maurangsfjorden kan fjernast. Dersom fjordkryssinga over fjorden skal bestå vidare må det etablerast ein ny koplingsstasjon i området.

Eksisterande 300 kV Blåfalli-Mauranger og 300 kV Mauranger-Samnanger (kun til Kvamskogen) skal rivast når ny 420 kV kraftleidning er sett i drift.

Ønskjer innspel til konsekvensutredninga
I denne fasen ønskjer Statnett og NVE innspel på kva konsekvensar som bør utgreiast for dei alternativa som er omtalt i meldinga. I meldinga har Statnett foreslått eit konsekvensutgreiingsprogram. NVE vil senda Statnett si melding på høyring, og omgjevnadane får då høve til å koma med innspel på kva som bør utgreiast vidare. Når NVE har vurdert innkomne utsegn vil dei fastsetja eit utgreiingsprogram. Statnett vil deretter gjennomføra konsekvensutgreiingane og søkja konsesjon for tiltaket.

Her kan du lesa heile meldinga til Statnett
Kart over meldte alternativ