Artem snakkar godt norsk og har lært seg endå fleire ord ved å følja ordføraren i kvardagen. Han har mellom anna vore med på kranselag, politiske møte, innbyggjarmøte og synfaringar rundt i kommunen vår. Han har og fått innsikt i korleis det politiske systemet fungerer, og fått moglegheita til å møte mange av innbyggjarane og dei tilsette i kommunen. Ordføraren ynskjer Artem lykke til vidare i jobbsøkinga. Dei som får Artem i arbeid, er heldige, for han er både dyktig og motivert.
Språkpraktikant hos ordføraren
Ordføraren har dei siste månadane hatt språkpraktikanten, Artem, frå Ukraina med seg på jobb på tysdagar